Utforsk religion i media - Religion og etikk - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Utforsk religion i media

I denne oppgåva får de forslag til måtar å utforske korleis religion og livssyn blir framstilte i media. De kan følgje nokre få medium over ein lang periode eller mange medium i ein kortare periode.

Utforsk religion i media gjennom året

Førebuing

  • Ha ein diskusjon i klassen om korleis de oppfattar media si framstilling av religionar og livssyn .

  • Vel nokre medium de vil følgje, til dømes Dagsrevyen i NRK, ei riksavis, ei lokalavis og kanskje ei avis som er kjend for å ha litt ekstra stoff om religion, som Vårt Land eller Dagen.

Gjennomføring

  • To elevar i klassen har ansvaret for å undersøkje desse media i kvar si veke. Etter kvar veke blir det laga ein rapport med utgangspunkt i spørsmål de vil undersøkje. Forslag til spørsmål finn de lenger nede på sida. Rapporten blir lagd i eit felles dokument eller send til lærar som kan setje dei saman.

  • Etter at alle har hatt ansvaret ei veke, samanfattar klassen funna så langt og vurderer om nokon av spørsmåla skal endrast. Val av medium blir òg teke opp til ny vurdering.

  • Alle får deretter ei veke til med utforsking og rapportskriving. Lag gjerne nye par.

Oppsummering og gjennomgang

Etterpå kan de samanfatte i fellesskap korleis de oppfattar religion i media i den perioden de har undersøkt. Aktuelle spørsmål kan vere:

  • Stemde inntrykket de hadde før de starta?

  • Har noko overraska dykk?

  • Har nokon enkelthendingar vore i fokus over tid? Kva har eventuelt dette gjort med dykkar eige syn på involverte religionar og livssyn?

  • ulike medium på ulike måtar?

  • Diskuter om de meiner dei media de har undersøkt burde gjort noko på ein annan måte.

Utforsk religion i media i ein kortare periode

Vel sjølv kva medium de vil følgje. Det bør ikkje vere meir enn tre personar per medium, slik at de får ei breidde i utforskinga. Bestem ein periode de skal sjekke desse media kvar dag. Lag felles punkt de kan undersøkje. Bruk gjerne punkta under.

Etter perioden samanfattar alle elevane funna sine og legg dei fram i klassen. Etterpå kan det vere lurt å ha ei felles oppsummering.

Forslag til punkt å undersøkje

Kor mange artiklar finn de per dag som handlar om religion eller livssyn?

Kva religionar og livssyn blir nemnde?

Er vinklinga positiv eller negativ?

Korleis blir sakene formaterte? (Forsterke, fortelje og forankre – sjå artikkel om religion i media.)

Relatert innhald

Fagstoff
Religion i media

Denne artikkelen handlar om korleis religion blir presentert og representert i media.

Skrive av Karen Marie Halden.
Sist fagleg oppdatert 03.01.2022