Oppgåve
Utforsk Konfutses dydsetikk
Kva for nokon dydar og eigenskapar er det viktigast å utvikle for å bli eit godt menneske? I desse oppgåvene skal du utforske tankane til Konfutse og konfutsianismen.

Vi utviklar eigenskapane våre gjennom relasjonane våre til andre, og den viktigaste eigenskapen vi kan utvikle er godheit eller medmenneskelegdom (rein) ifølgje Konfutse. Skriftteiknet for "rein" består av dei to symbola "menneske" og "to". Godheit viser seg med andre ord i omsorga for eit anna menneske. Vi må utvikle ei finkjensle overfor andre, slik at vi kan gjere det som er godt for dei og frambringe det beste i dei rundt oss.
Konfutses dydsetikk
Du bør ha lese artikkelen "Konfutses dydsetikk" før du jobbar med oppgåvene.
- Ifølgje Konfutse er godheit eller medmenneskelegdom den viktigaste eigenskapen vi burde utvikle hos oss sjølve. Er du einig eller ueinig? Grunngi svaret.
- Ifølgje Konfutse er dydane avhengige av rollene og dei sosiale relasjonane våre.
- Kva for dydar meiner du er aktuelle for desse relasjonane:
- lærar – elev
- foreldre – barn
- vener
- sjef – tilsett
- Samanlikn det du kom fram til med Konfutses dydsetikk. Er det nokon likskapar og forskjellar?
- Ser du nokon konfliktar mellom Konfutses dydsetikk og demokratiske verdiar som likskap og individuell fridom?
- Kva for dydar meiner du er aktuelle for desse relasjonane:
- Les artikkelen "Dydsetikk" og samanlikn dydsetikken til Konfutse og Aristoteles. Kva for likskapar og forskjellar er det mellom dei?