Usemje, dialog og meiningsbryting - Religion og etikk - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Usemje, dialog og meiningsbryting

Kvifor er det viktig å diskutere med folk som ikkje meiner det same som deg?
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Einig

I NRK-programmet Einig samlar Ingunn Solheim menneske som er svært usamde i viktige saker, og får dei til å diskutere saka på ein annleis måte enn vi er vande med i TV-debattar. I denne filmen beskriv Ingunn Solheim kvifor slike diskusjonar er viktige, og korleis vi kan få til ein betre debatt.

Tenk over / diskuter

Kva tenker du om denne påstanden til Ingunn Solheim: "Den einaste måten samfunnet går framover på, er at ulike meiningar møtest, blir brotne, og så finn vi nye løysingar."

Kva seier Ingunn Solheim om å lytte?

Diskusjon er demokrati

Filosofen Jürgen Habermas brukte omgrepet deliberativt demokrati for å beskrive korleis offentleg diskusjon kan vere med på å drive samfunnet framover, og at vi treng meir rasjonell og sakleg diskusjon for å komme til semje og finne felles løysingar på samfunnsproblem (Sagdahl, 2021).

Det er ikkje alle ting vi kan bli samde om i eit mangfaldig samfunn. Toler demokratiet usemje? Svaret på det er ja – så lenge det er rom for å legge fram meiningane sine i ein fellesskap som respekterer og til og med verdset usemje.

Dei fleste moderne samfunn er usemjefellesskap, sjølv om vi ofte i fellesskap som det norske samfunnet har fokusert meir på likskapane som det som bind oss saman. Omgrepet usemjefellesskap vart lansert av Lars Laird Iversen og beskriv ei gruppe menneske med ulike meiningar som deler ei felles utfordring eller eit felles problem (Iversen, 2016). Omgrepet er meint å vere eit tankeverktøy for å kjempe mot rasisme og udemokratiske haldningar, fordi det gjer at vi kan inkludere fleire i fellesskapen enn berre dei vi tenker delar meiningane og verdiane våre.

Meiningsbryting

Å kunne diskutere meiningane dine med andre er uansett ein viktig del av det å vere ein medborgar i eit demokrati. Kva gjer du når du møter synspunkt du er svært usamd i? Å diskutere inneber å utveksle meiningar og å argumentere for ulike synspunkt. Når du diskuterer med nokon som meiner det motsette av deg, kan det kjennest som at du må arbeide hardare, enn når samtalepartnaren deler ditt syn på saka.

Når ulike meiningar møtest i ein diskusjon, kallar vi det meiningsbryting. Du må komme med dine sterkaste argument for å sannsynleggjere at meininga di er riktig, og du må svare på motargumenta til motstandaren. Du får testa argumenta og premissane dine, og du blir betre kjent med synspunkta og ståstaden til meiningsmotstandaren. Det siste er viktig, for når du berre diskuterer med dei som er samde med deg, får du aldri god nok kjennskap til kva som ligg bak argumenta til dei du er usamde med.

Tenk over / diskuter

Når var du sist usamd med noko som vart sagd i klasserommet? Gav du uttrykk for dette? Viss nei – kvifor ikkje? Viss ja – korleis gjekk det?

Kven tør å delta i den offentlege debatten?

Deltek du i offentlege nett-debattar? Viss du svarer "nei", er du ikkje åleine. 72 prosent av dei spurde i ei undersøking svarte at dei aldri har debattert politikk og samfunn i medium, sjølv om dei fleste òg svarte at dei interesserte seg for slike tema (Medietilsynet, 2019).

Kvifor bruker vi ikkje moglegheitene vi har til å seie meininga vår? Mange oppgav frykt for hets og negative kommentarar som grunnen til at dei ikkje vil meine noko i offentlege medium. Eit omgrep som ofte blir brukt om nett-debatten, er polarisering. Det betyr at ekstreme synspunkt får meir plass i debatten enn dei meir moderate meiningane.

Eit anna forskingsprosjekt har undersøkt kven det er som deltek i dei hardaste debattane og kjem med denne hetsen i kommentarfelta. Dei fann at det er ei lita gruppe som deltek i dei hardaste debattane, med overvekt av menn og personar med låg utdanning og konservative haldningar til innvandring og homofili (Dæhlen, 2021).

Tenk over / diskuter

Kva kan konsekvensane bli, viss det berre er små grupper med sterke meiningar som deltek i den offentlege debatten?

Dialog mellom ulike grupper

Dei fleste av oss lever i dag i fleirkulturelle samfunn, der vi heile tida kjem i kontakt med menneske som har ulike ståstad og meiningar enn oss. Dette kan sjølvsagt føre til heftige diskusjonar, men det kan òg gjere at vi får tilgang til eit mangfald av perspektiv på verda. I Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn i Noreg har representantar for ulike grupper møttest sidan 1990-talet. Her samlast menneske med svært ulike ståstad og verdssyn, og målet er gjensidig respekt og forståing, ikkje semje.

Generalsekretær Trond Enger i Human-Etisk Forbund meiner at denne dialogen motverkar polarisering og konfliktar:

Min erfaring er at god dialog er krevende, og forutsetter toleranse for uenighet. Kritikk fungerer godt i dialoger, men da må kritikken være granskende og konstruktiv, ikke fordømmende og lukket. Målet med dialogen er ikke å komme til enighet, men å oppnå kunnskap om, og forståelse for, hverandre. For å lykkes med det, må deltakerne håndtere uenighet med innestemme.

(Enger, 2020).

Tenk over / diskuter

Er vi flinkare til å handtere usemje med "innestemme" og toleranse for usemje i diskusjonar utanom nettet?

Korleis trur du kunnskap om interkulturell kommunikasjon kan bidra til ein god dialog mellom menneske med ulike livssyn?

Minoritetsperspektiv manglar

Dei som ikkje deltek i den offentlege debatten, har ikkje like stor moglegheit til å påverke samfunnet, dei har mindre makt. Minoritetar er per definisjon i mindretal i eit samfunn, og er underrepresenterte i offentlege debattar. Undersøkingar viser òg at etniske og religiøse minoritetar er spesielt utsette for hatefulle ytringar i kommentarfelta (Likestillings- og diskrimineringsombodet, u.d.). Samtidig er minoritetsperspektiv på samfunnsspørsmål spesielt viktige å få kunnskap om, fordi dei kan seie noko om maktforhold i samfunnet som majoriteten ikkje har erfaringar med.

Tenk over / diskuter

Korleis kan vi få til at fleire medlemmer av minoritetar bidreg med meiningane sine i offentleg debatt?

Kunnskap om argumentasjon

Eit viktig verktøy du får bruk for når du deltek i diskusjonar, er kunnskap om argumentasjon. Dette handlar om å kunne sjå bak argumenta for å sjå kva slags oppfatningar og haldningar dei er baserte på. I tillegg handlar det om å vite korleis eit logisk haldbart argument er bygd opp, slik at du kan avsløre argument som ikkje er haldbare. Dette gjer at du både kan argumentere betre for dine eigne meiningar og analysere argumentasjonen til andre for å ta betre stilling til om du er samd eller usamd med dei.

Kjelder

Dæhlen, M. (2021, 3. februar). Netthetserne føler selv at de er ofre som blir utsatt for urettferdig sensur. Forskning.no. https://forskning.no/internett-sosiologi/netthetserne-foler-selv-at-de-er-ofre-som-blir-utsatt-for-urettferdig-sensur/1807995

Enger, T. (2020, 10. november). Dialog motvirker polarisering. Human.no. https://human.no/nyheter/2020/november/dialog-motvirker-polarisering/

Iversen, L. (2016). Uenighetsfellesskap – en inkluderende innfallsvinkel til medborgerskap. Dembra-publikasjon nr.1. https://dembra.no/no/wp-content/uploads/sites/2/2020/11/Dembra_artikkelsamling_2016_03_1korr.pdf

Likestillings- og diskrimineringsombudet. (u.å.). Hatefulle ytringer i offentlig debatt på nett. Ldo.no. https://www.ldo.no/globalassets/_ldo_2019/arkiv/publikasjonsarkiv/fb-og-hatytring/ldo-fb_rapporten_2018.pdf

Medietilsynet (2019, 13. august). Sju av ti har aldri debattert politikk og samfunnsspørsmål i media. Medietilsynet. https://www.medietilsynet.no/nyheter/nyhetsarkiv/aktuelt-2019/sju-av-ti-har-aldri-debattert-politikk-og-samfunnssporsmal-i-media/

Sagdahl, M. S. (2021, 18. februar). Politisk filosofi. I Store norske leksikon. https://snl.no/politisk_filosofi

Aashamar, P., Hesby Mathé, N. E. & Brevik, L. M. (2018, 21. august). Diskusjon som flerfaglig demokratisk ferdighet. Utdanningsforskning.no. https://utdanningsforskning.no/artikler/diskusjon-som-flerfaglig-demokratisk-ferdighet/

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 26.02.2021