Oppgåve
Religionskartet
Nokre religionar har fått stor utbreiing i verda. Andre er stort sett avgrensa til eitt eller nokre få land. Korleis blei det slik?
Oppgåve
Set dykk saman to og to eller i små grupper. Studer kartet under.
Er det noko som overraskar dykk med kartet? Undersøk i tilfelle dette nærmare.
Kristendommen og islam er to religionar som er utbreidde over store område. Kva trur de er årsaka til dette?
Kva tenker de er grunnen til at jødedommen, hinduismen og buddhismen ikkje har spreidd seg over større område?
Sjå på landa som ikkje har nokon dominerande religion. Kvifor er det slik, trur de?
Samanfatt i plenum.