77 personar blei drepne i terroråtaket mot regjeringskvartalet og Arbeiderpartiet sin ungdomsleir på Utøya i 2011. Gjerningsmannen, Anders Behring Breivik, utløyste først ei bombe på nærare 1000 kilo i regjeringskvartalet, og gjennomførte deretter ein massakre mot Arbeiderpartiet sin ungdomsleir på Utøya. I tillegg til at 77 personar blei drepne, fekk fleire hundre personar store fysiske og psykiske skadar som følge av åtaka.
Tidlegare statsminister Jens Stoltenberg skildra hendingane 22. juli som «vondskapen». I denne oppgåva skal vi først sjå på korleis eit av ofra opplevde 22. juli og tida etterpå. Deretter skal vi sjå på nokre ulike forsøk på å forklare bakgrunnen for hendinga. Til slutt skal vi diskutere korleis ein kan forhindre liknande aksjonar i framtida.
Korleis kunne terroren 22. juli skje? Her kan du utforske nokre ulike perspektiv på hendingane 22. juli. Start med den påstanden du tenkjer er viktigast, og undersøk minst tre ulike forklaringar.
Tekstversjon av interaktivt innhald: Ulike perspektiv på 22. juli
22. juli skuldast ein høgreekstrem ideologi som hevdar at Vesten er i krig med islam
22. juli kan bli sett på som eit resultat av høgreekstremisme. Breivik blei radikalisert på nettet og blei tilhengar av ein høgreekstrem ideologi. Denne ideologien er prega av rasisme, ei forakt for veikskap, og ein sterk fiendskap mot muslimar og innvandringsvennlege politikarar. Ifølgje konspirasjonsteorien om Eurabia forsøkjer muslimar å gjere Europa til ein muslimsk koloni, og Breivik oppfatta seg sjølv som ein forsvarar mot ein muslimsk invasjon.
Ei innvending mot denne forståinga er at dei fleste som deler Breivik sin ideologi ikkje har utøvd valdshandlingar som kan samanliknast med 22. juli. Derfor må det vere noko i tillegg til ideologi som var årsaka til den forferdelege gjerninga.
22. juli skuldast at gjerningsmannen var mentalt sjuk og ikkje forstod kva han sjølv gjorde
Ifølgje dette perspektivet var Anders Behring Breivik mentalt sjuk og forstod ikkje kva han sjølv gjorde. Breivik hadde ein traumatisk og einsam barndom. Dei første psykiatrane som vurderte han etter 22. juli, meinte han hadde ei dyssosial og narsissistisk personlegdomsforstyrring. Han hadde eit forvrengt bilete av seg sjølv og verda.
Ei innvending mot denne forklaringa er at Breivik brukte lang tid på å planleggje terroraksjonen og overgav seg frivillig då væpna politi kom til Utøya. Han var også samla og nærverande i retten, og viste at han var klar over konsekvensane av handlingane sine.
22. juli skuldast at gjerningsmannen var isolert og berre møtte andre høgreekstreme på nett
Ifølgje denne forklaringa skuldast 22. juli at Breivik i åra før terroraksjonen isolerte seg. Han brukte mykje tid på valdelege dataspel. Han kutta også kontakten med gamle vener og omgav seg med likesinna høgreekstremistar på internett. Dette fungerte som eit ekkokammer, kor han ikkje møtte alternative verdiar og haldningar.
Ei innvendig mot dette perspektivet er at dataspel er særs vanleg blant ungdommar, og derfor ikkje åleine kan forklare kvifor nokon utøver valdshandlingar. Breivik fekk heller ikkje støtte for dei valdelege handlingane sine på internett, sidan han ikkje avslørte nokon av terrorplanane sine på førehand.
22. juli skuldast at gjerningsmannen var misunneleg fordi han sjølv ikkje hadde lukkast med noko i livet
Ifølgje dette perspektivet var lidingane gjerningsmannen utsette andre for 22. juli, eit forsøk på å vinne over sin eigen uvisse og sårbarheit. Breivik hadde mislukkast i ambisjonane sine om å bli rik, og flytta heim på guterommet hos mor si. Ifølgje Vetlesen kan 22. juli bli forstått som ein misunneleg trong til hemn mot eit multikulturelt miljø, som var meir vellukka enn gjerningsmannen sjølv.
Ei innvending mot dette perspektivet er at det er vanskeleg å seie noko sikkert om kva som fekk gjerningsmannen til å utføre skrekkelege handlingar. Det er også mange menneske som har opplevd nederlag i livet utan å bli massemordarar.
22. juli skuldast at gjerningsmannen mangla anerkjenning og ville bli sett
Mangla gjerningsmannen tilhøyrsel til eit fellesskap? Var det ei trong for anerkjenning, å bli sett og bli berømt som var ei av drivkraftene? Ifølgje Åsne Seierstad hadde Breivik aldri blitt fullstendig inkludert i eit felleskap og tørsta derfor etter anerkjenning, og å bli sett og berømt (Seierstad, 2013).
Ei innvending mot dette perspektivet er at det ikkje forklarer kvifor gjerningsmannen valde å gjennomføre ein terroraksjon som vekte hat og avsky. Kvifor forsøkte han ikkje å oppnå anerkjenning på ein annan måte?
22. juli skuldast at gjerningsmannen mangla evna til å føle med andre menneske
Ifølgje dette perspektivet mangla gjerningsmannen evna til å leve seg inn i dei lidingane han påførte andre. Ein traumatisk barndom kan ha bidratt til å svekkje evna til å føle empati med andre.
Ei innvending mot dette perspektivet er at manglande medkjensle ikkje kan forklare kvifor Breivik gjennomførte terrorhandlinga. Det kan berre forklare korleis han klarte å gjennomføre handlingar som ville ha vore umoglege for dei fleste andre.
I rosetoget til minne om 22. juli sa statsminister Jens Stoltenberg at Noreg sitt svar på terroraksjonen 22. juli burde vere meir openheit og demokrati. Dette var ein kontrast til andre land, som etter terroraksjonar har svart med militæraksjonar og strengare kontroll. Samstundes har også Noreg etter terroraksjonen i 2011 brukt store ressursar på å styrke politiet si overvaking og terrorberedskap.