Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Oppgåver om normer, verdiar og haldningar

Utforsk ulike haldningar, normer og verdiar og diskuter korleis etikken endrar seg. Finst det situasjonar der det kan vere rett å stele, lyge og drepe, eller er det gale uansett?

Oppgåve 1. Doping

Therese Johaug er ein tidlegare norsk skiløpar. I 2016 blei ho dømd til utestenging i 18 månader for doping etter å ha fått ein leppekrem, som var forboden, av legen på landslaget. Lance Armstrong vann VM og Tour de France sju gonger før han blei teken i den største dopingskandalen i sykkelsporten. Han innrømde seinare å ha dopa seg bevisst og systematisk for å vinne.

  • Sjå pressekonferansen med Therese Johaug etter dopingavsløringa (lengde 2:07).

Oppgåve 2 Når er noko rett og gale?

  1. Diskuter følgjande handlingar med sidemannen. Når kan det vere gale, og når kan det vere rett

    • å slåst

    • å jukse

    • å hemne seg

    • å drepe

    • å ikkje gjere noko

    • å vere ulydig

    • å slå eit barn

    • å stele

    • å ikkje vite

    • å vere først

    • å snakke

    • å lytte

    • å gøyme seg?

    (Brenifier, s. 30)

  2. Finst det noko fasitsvar i etikken? Kan du komme på nokon konkrete døme på handlingar som alltid er galne, uavhengig av tid, stad og omstende?

Oppgåve 3 Kvifor forandrar etikken seg?

Kvifor forandrar etikken seg? Ta gjerne utgangspunkt i konkrete døme. Diskuter dette med ein medlev.

Sjå deretter filmen med Melsom og Moen (lengde 3:02) og samanlikn det med ditt eige svar.

Etikk med Melsom & Moen 3. Video: Christina Svien / CC BY-SA 4.0

Kjelde

Brenifier, O. og Isabelle Millon. Notebook of Philosophical Exercises. Institute of Philosophical Practices.

Relatert innhald

Skrive av Karl Henrik Aanesen og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist oppdatert 04.03.2026