Kristendommen – retningar

Den katolske og den ortodokse kyrkja
Den romersk-katolske kyrkja utgjer i dag det største kyrkjesamfunnet i verda, med over 1,3 milliardar tilhengjarar på verdsbasis (Johnson & Surlo, 2024). Katolsk kristendom er utbreidd i Latin-Amerika, Sør-Europa og Sentral- og Sør-Afrika. Den katolske kyrkja er ein av dei største organisasjonane i verda og er ein av dei lengstvarande kristne institusjonane som finst.
Den ortodokse kyrkja har om lag 300 millionar tilhengjarar i verda (Johnson & Surlo, 2024), og dei fleste av desse bur i Europa. Dei tre største austleg-ortodokse landa, baserte på talet på truande, er Russland, Ukraina og Romania. Samanlikna med andre kyrkjesamfunn har den ortodokse kyrkja særleg fokus på mystikk og det å vere åndeleg i gudstenesta og i det rituelle livet.

Mangfaldet i protestantismen
Kyrkjesamfunn som hadde utspringet sitt i reformasjonen på 1500-talet kallar vi protestantiske. Dei som byggjer på Martin Luthers lære blir kalla dei evangelisk-lutherske kyrkjene. Desse kyrkjesamfunna finn vi i dag i det nordlege Tyskland, i dei nordiske landa og i Nord-Amerika. I dag finst det om lag 70 millionar tilhengjarar av dette kyrkjesamfunnet på verdsbasis (Flottorp & Molland, 2024).
Kyrkjene som blir knytte til Jean Calvin blir kalla for dei reformerte, eller kalvinistiske kyrkjene. Kalvinismen lærer at Bibelen er Guds lov, og at det er bestemt på førehand at nokre menneske skal ha evig frelse, mens andre skal ha evig fortaping (predestinasjonslære). Dei reformerte kyrkjesamfunna finn vi i dag i Sveits, Nederland, Skottland, Korea, Nigeria, Sør-Afrika og i Nord-Amerika. Desse utgjer om lag 80 millionar medlemmar ifølgje World Communion of Reformed Churches.

Den forma for kristendom som veks raskast i dag blir kalla for pinserørsla, som oppstod i USA på byrjinga av 1900-talet. Denne varianten av protestantisk kristendom vektlegg personleg frelseserfaring med den Heilage Ande, læking ved bøn, og ofte også tungetale. Særleg i Latin-Amerika og Afrika veks denne typen vekkingskristendom dramatisk.
Rundt 640 millionar menneske eller 25 % av alle kristne har tilknyting til ei eller anna form for pinsekarismatisk kyrkje, kyrkjelyd eller rørsle (Johnson, 2020).
Kristne konfesjonar og denominasjonar
I vår tid utgjer kristendommen eit hav av ulike trusførestillingar, praksisar og kyrkjesamfunn. Nokre kyrkjesamfunn er tolerante overfor andre kristne grupper og religionar (til dømes katolske fransiskanarar eller protestantiske kvekarar), mens andre berre aksepterer sitt eige kyrkjesamfunn som det einaste rette (til dømes Amish eller Jehovas Vitner). For å forstå mangfaldet og spenningane innetter i kristendommen i dag må vi sjå nærare på omgrepa konfesjon og denominasjon.
Konfesjon tyder eigentleg «vedkjenning» (lat. confessio), som er ei nemning for kva dei kristne trur på. Etter reformasjonen blir Vestyrkja delt i tre grupper med ulike vedkjenningar – den romersk-katolske kyrkja, den lutherske kyrkja og den reformerte eller kalvinistiske kyrkja. Derfor blir desse religionsgruppene også kalla for konfesjonar.
Inndelinga i ulike konfesjonar blei svært viktig etter reformasjonen, og har vore viktig fram til vår tid. Geografisk blir det eit skilje mellom eit katolsk Sør-Europa og eit protestantisk Sentral- og Nord-Europa. Læremessig førte dei ulike konfesjonane til betydelege kulturelle og politiske forskjellar mellom katolske og protestantiske land.
Denominasjon tyder religiøse samanslutningar eller undergrupper, som kan inkludere alt frå sjølvstendige trussamfunn – til dømes frikyrkjer – til misjonsorganisasjonar. Omgrepet blir brukt om alle religionar, men blir særleg brukt for å beskrive amerikanske kyrkjesamfunn. I USA har dei mange kyrkjesamfunna utvikla seg parallelt med kvarandre. Mange av dei første europeiske kolonistane var religiøse flyktningar, som ville etablere frie område der dei kunne praktisere si form for kristendom i fred.
Denne bakgrunnen førte til det religiøse landskapet i USA i dag som er kjenneteikna ved særleg to trekk:
- ei rekkje sjølvstendige frikyrkjer av alle tenkjelege slag
- ein tolerant kultur for religiøs ulikskap
Kristendommen i dag
Frå 1000-talet til 2017 var kristendommen staten sin religion i Noreg. Kongen var den øvste leiaren i kyrkja. Kongen er framleis leiar for det som no blir kalla for den evangelisk-lutherske Folkekyrkja, også kalla Den norske kyrkja.
Av dei noko over 5,6 millionar innbyggjarane i Noreg er om lag 3,4 millionar av dei medlemmar av Den norske kyrkja, ei protestantisk luthersk grein av den kristne kyrkja (SSB 2026a). Alle andre kyrkjesamfunn utanfor Den norske kyrkja utgjer til saman 384 000 personar (SSB, 2026b).
Trussamfunn | 2014 | 2025 |
|---|---|---|
Den norske kyrkja | 3 835 973 | 3 427 657 |
Alle andre | 337 316 | 384 324 |
Den romersk-katolske kyrkja | 140 109 | 168 220 |
Pinsemeinigheiter | 39 398 | 40 502 |
Den ortodokse kyrkja | 14 765 | 39 431 |
Den Evangelisk Lutherske frikyrkja | 19 557 | 18 797 |
Jehovas vitne | 12 130 | 12 748 |
Svenska kyrkan i Noreg | 21 573 | 12 239 |
Det norske misjonsforbundet | 10 136 | 11 462 |
Det norske baptistsamfunnet | 10 283 | 10 571 |
Metodistkyrkja | 10 684 | 9 009 |
Brunstad Christian Church | 7 750 | 9 272 |
(SSB, 2026a og 2026b)
I dag reknar vi med at om lag ein tredjedel av alle menneske på jorda er døypte og er medlemmar av eit kristent fellesskap. I nokre land, til dømes Noreg, er kristendommen i nedgang. Færre foreldre enn tidlegare døyper barna sine. I andre land derimot, i Asia og særleg i Afrika, er kristendommen på frammarsj, spegla av med at over 68 % av katolikkane i verda og 87 % av protestantane i verda, bur utanfor Europa.

Konfesjonar | Mengd | |
|---|---|---|
I alt | 2 508 432 000 | 100 |
Katolikkar | 1 278 009 000 | 51 |
Ortodokse | 293 158 000 | 12 |
Protestantar | 625 606 000 | 25 |
Andre kristne | 311 659 000 | 12 |
(Johnson & Zorlo, 2024)
Viktige omgrep
- konfesjon
- denominasjon
- frikyrkja
- den romersk-katolske kyrkja
- den ortodokse kyrkja
- protestantiske kyrkjer
- evangelisk-lutherske kyrkjer
- kalvinistiske/reformerte kyrkjer
- pinserørsla