Oppgåve
Interaktivt innhald
Dydsetikk – oppgåver
Kva er eit godt menneske? Korleis skal vi klare å finne den gylne middelvegen i moralske spørsmål? I desse oppgåvene skal du reflektere over ulike sider av dydsetikken.
Oppgåve 1: Den gylne middelvegen
Finn den gylne middelvegen i følgjande situasjonar:
Oppgåve 2: Eit godt menneske?
Oppgåve A
Les dei fire personskildringane under. Kven av desse personane er gode menneske, meiner du? Kva for positive og negative eigenskapar (dydar og laster) har dei ulike personane?
Oppgåve B
- Gå saman i grupper og diskuter svara dykkar. Klarer de å bli einige om kven som er gode menneske? Kvifor? Kvifor ikkje?
- Samanlikn svara dykkar på forrige spørsmål med Aristoteles sin dydsetikk. Kva for forskjellar og likskapar finn de?
- Ifølgje Aristoteles blir ein eit godt menneske gjennom øving. Prøv å bli einige om minst tre ting som de meiner er viktige for å lære å bli eit godt menneske.
- Diskuter til slutt om vi treng moralske ideal å strekkje oss etter. Ser de nokon farar ved å setje opp eit slikt ideal?