Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Disiplinane i filosofien

I filosofien stiller vi i utgangspunktet spørsmål ved alle sider av verkelegheita. Det finst derfor ei rekke ulike disiplinar innanfor filosofien som fokuserer på ulike område.

Fem hovuddisiplinar

Tradisjonelt har det vore vanleg å dele opp filosofien i fem ulike delar:

  • erkjenningsteori
  • etikk
  • metafysikk
  • estetikk
  • logikk

Erkjenningsteori – Kva er kunnskap?

Erkjenningsteori eller epistemologi utforskar kva vi kan vite. På skulen får vi kunnskap, men kva vil det seie å ha kunnskap om eit tema? Kva er kunnskap? Av og til hender det at den kunnskapen vi lærer på skulen ikkje stemmer, men korleis kan vi skilje mellom det som er sant og det som er usant? Erkjenningsteorien undersøker korleis vi kan oppnå kunnskap om verda, og korleis vi med sikkerheit kan vite at noko er sant.

Kan vi stole på sansane?

Eit spørsmål erkjenningsteorien har vore oppteken av, er om vi kan stole på sansane våre. Er det sansane eller fornufta som gir oss den sikraste kunnskapen om verda?

Viss du til dømes ser eit sugerøyr i eit glass vatn, verkar det som om det har ein liten knekk. Betyr slike illusjonar at vi ikkje kan stole på sansane våre i andre samanhengar? Og har vi eigentleg andre kjelder til kunnskap om verda rundt oss enn det vi ser, høyrer, luktar og kan ta og kjenne på?

Etikk – kva er rett og gale?

Etikk utforskar moralen, kva som er rett og gale, godt og vondt, og korleis vi burde leve. Kvar dag blir vi stilte overfor ei rekke ulike situasjonar der vi må avgjere kva som er moralsk rett å seie og gjere. I etikken reflekterer vi over kva som grunngir desse moralske vala. Vi utforskar òg korleis ulike etiske prinsipp kan brukast i konkrete situasjonar. I etikken stiller ein også meir grunnleggande spørsmål: Kvar kjem moralen frå? Finst det moralske sanningar? Er moralen basert på kjensler eller fornuft?

Aktiv dødshjelp

Er aktiv dødshjelp (eutanasi) rett eller gale?

Bør menneske sjølv få lov til å bestemme kor og når dei skal døy og få hjelp til det viss dei ønsker?

Eller er det moralsk gale for legar og helsepersonell å aktivt bidra til at eit anna menneske døyr?

Debatten om aktiv dødshjelp består av fleire vanskelege etiske spørsmål og dilemma.

Metafysikk – Kva er verkelegheita?

Metafysikk undersøker verkelegheita sin struktur og sitt vesen. Er den fysiske verkelegheita som omgir oss det einaste som eksisterer, eller finst det ei anna verkelegheit som vi ikkje kan sjå? I metafysikken stiller vi spørsmål som: Kva er tid? Kva er bevissheit? Har mennesket fri vilje? Sidan metafysikken stiller dei mest grunnleggande spørsmåla om verkelegheita, undersøker metafysikken kva som ligg til grunn for alle dei andre disiplinane innan filosofien.

Har mennesket ei sjel?

Dette er eit metafysisk spørsmål som går tilbake til Hellas i antikken.

Består mennesket berre av ein fysisk kropp, eller har vi også ei sjel?

Viss vi har ei sjel, kva er ho for noko, og korleis er ho knytt saman med resten av kroppen vår?

Er sjela avhengig av kroppen for å eksistere, eller held ho fram med å eksistere etter at vi døyr?

Estetikk – Kva er skjønnheit?

Estetikk undersøkjer kva skjønnheit er. Han utforskar kva kunst er, og korleis vi vurderer kunsten. I breiare forstand utforskar estetikken korleis vi sansar og opplever oss sjølv og verda rundt oss. Vi er heile tida omgitte av objekt som vi bedømmer som vakre eller stygge, behagelege eller ubehagelege. Kvifor blir vi så sterkt påverka av desse objekta? Kvifor synest vi noko er vakkert og noko anna er stygt? Kan kunsten vere ei kjelde til sanning, og kan han gjere oss til betre menneske? Dette er nokre av spørsmåla vi utforskar innan estetikken.

Kva er skjønnheit?

Finst det nokon objektive kriterium for kva som er vakkert, eller er det berre avhengig av smaken som rår mellom folk?

Mona Lisa av Leonardo da Vinci er verdas mest kjende måleri.

Er det nokon objektive kjenneteikn ved dette måleriet som gjer det vakkert, eller er det fullstendig subjektivt?

Viss smaken er heilt subjektiv, går det då an å snakke om at det eksisterer god eller dårleg kunst?

Logikk – Kva er lovene i tenkinga?

Logikken utforskar reglane og prinsippa for rasjonell argumentasjon. Kva kjenneteiknar eit gyldig eller ugyldig resonnement? Korleis kan vi slutte oss frå ein ting til noko anna? Sidan all filosofi er basert på rasjonell argumentasjon, er logikken ein del av alle filosofiske undersøkingar. Logikken er verktøyet til filosofien.

Eit paradoks

Ein måte å studere logikk på er å utforske logiske paradoks. Eit paradoks oppstår når eit tilsynelatande fornuftig resonnement leier til ei sjølvmotseiing. Eit døme er Eubulides' paradoks som startar med to påstandar:

  1. Ein sandhaug er ein haug med sandkorn.

  2. Viss vi fjernar eit sandkorn, er det framleis ein sandhaug.

Dei fleste ville vere einig i at begge desse påstandane er sanne, men kva skjer viss vi held fram med å fjerne sandkorn? Til slutt står vi att med eitt einaste sandkorn, og eitt sandkorn er ikkje ein sandhaug. Det verkar derfor som dei to påstandane vi starta med, ikkje er sanne likevel. Det oppstår ei logisk sjølvmotseiing. I dette tilfellet er årsaka til problemet at ein sandhaug ikkje har ein presis definisjon.

Andre disiplinar

Det er fleire andre disiplinar eller underkategoriar i filosofien i tillegg til dei fem vi allereie har nemnd. Filosofar er ikkje einige om kva disiplinar som er dei viktigaste, eller om korleis filosofien bør delast opp.

Her er nokre døme på andre filosofiske disiplinar:

  • Politisk filosofi: studerer organiseringa av samfunnet og andre politiske spørsmål
  • Språkfilosofi: studerer strukturen og eigenarten i språket
  • Vitskapsfilosofi: studerer metodar og resultat i vitskapen på ein kritisk måte
  • Feministisk filosofi: studerer filosofiske spørsmål ut frå eit feministisk perspektiv
  • Religionsfilosofi: studerer religiøse fenomen og spørsmål
  • Bevissthetsfilosofi: studerer bevisstheita
  • Eksistensfilosofi: studerer grunnleggande vilkår for eksistensen til mennesket

Treng du meir fordjuping? Les ein artikkel om disiplinane i filosofien på Store norske leksikon.

Viktige omgrep

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 09.04.2026