Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Religionen sine suksesskriterium

Kva skal til for at ein religion skal vekse og bli populær?

L. Ron Hubbard og Scientologikyrkja

Lafayette Ronald Hubbard (1911–1986) var ein amerikansk science fiction-forfattar. På 50-talet sleit Hubbard med salstala. Han skal då ha fått eit råd av ein forfattarkollega: Viss du vil bli rik, start ein religion.

På biletet viser Hubbard fram elektropsykometeret (e-meteret), her brukt på tomatar. E-meteret er ein sentral del av Hubbard sin metode for sjølvutvikling. Hubbard sin religion, Scientologikyrkja, hadde på det meste truleg over 100 000 medlemmar, men tala er no søkkande.

Oppgåve

Tenk deg at du skal starte ein heilt ny religion.

  • Kva for ingrediensar eller element treng ein for at ein religion skal kunne spreie seg og bli til ein verdsreligion?
  • Bruk 5 minutt på å skrive ned stikkord.
  • Samanlikn stikkorda dine med stikkorda til ein medelev.

Døme på stikkord: misjonering, ein karismatisk leiar

Skrive av Knut Dæhli.
Sist oppdatert 25.03.2022