Kva er religion? - Vurder definisjonar av religion - Religion og etikk - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Kva er religion?

Oppgåve

Vurder definisjonar av religion

De har no lært om ulike religionsdefinisjonar og kva krav som blir stilte for at ein definisjon skal vere god. No er det på tide å summere opp det de har lært.

Diskuter desse spørsmåla i klassen:

  1. Hent fram dei definisjonane de lagde i første trinn i denne læringsstien. Er definisjonane funksjonalistiske eller substansielle?
  2. Vel ein definisjon. Diskuter om denne definisjonen passar på desse fenomena:
    • buddhisme
    • astrologi
    • human-etikk
    • nazisme
    • beliebers
  3. Kven av desse fem fenomena meiner de bør kunne kallast religion?
  4. Søk etter informasjon om kva pastafarianisme er. Diskuter om pastafarianisme kan kallast ein religion.
Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2022

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Kva er religion?

Gå til faget: Religion og etikk

Gå til emne: Religionskunnskap