Hinduisme – etikk - Religion og etikk - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Hinduisme – etikk

Hinduismen har ein svært konsekvent pliktetikk, som blir bestemt av sosial bakgrunn, alder og kjønn.

Som alle religionar er også hinduismen oppteken av plikter og reglar. Unikt med hinduismen er synet på at sjølve verdsordenen avheng av om folk følgjer dei samfunnsbestemte pliktene sine. For å forstå dette og hinduismens etikk må vi sjå på ei av hinduismens viktigaste lovbøker og omgrepa kastesystem, karma, dharma og ahimsa.

Manus lover og dharma

Manus lover er ei kjend og viktig lovbok i hinduismen. Ho inneheld reglar med beskrivingar av pliktene knytte til dei fire ulike kastane og livsstadia, og detaljerte beskrivingar om korleis ein konge skal herske rettferdig, forholdet mellom mann og kvinne, strafferett, overgangsritual og religiøs praksis.

Ordet dharma kan i hinduismen bety plikt, lov, rettferd, det rette, og det som støttar og held oppe den evige orden. For at verda skal vere i balanse, er det heilt essensielt ifølgje hinduistiske skrifter at alle utfører pliktene sine. Viss ikkje vil samfunnet, og sjølve verdsordenen, gradvis kollapse i stadig meir kaos og uorden.

Dei fire livsstadia

Dei fire livsstada er læra om at individuelle plikter er avhengige av alder og det stadiet i livet ein er i.

I det første, elevstadiet, skal ein vere lydig og lære om sin religion. I det andre, familieforsørgjarstadiet, skal ein arbeide hardt og ærleg, gifte seg og få barn, og nyte livets sanselege og erotiske sider. Dette stadiet tek vare på samfunnet og fokuserer på fellesskapsplikter. Viss ein har oppfylt krava i dette stadiet, kan ein gå til neste.

Dei to siste stadia kan kombinerast i eitt, nemleg stadiet som omreisande asket. Her gir ein avkall på familielivet og sosiale forpliktingar og fokuserer på si eiga individuelle frelse. Læra om livsstadia er ein måte å balansere samfunnets sosiale behov med religiøse, individuelle behov.

Kastesystemet

Kastesystemet, beskrive i Manus lovbok, deler folk i fire tradisjonelle samfunnsklassar med særeigne plikter. Etikken og pliktene som er knytte til klasse og livsstadium, blir kalla svadharma og betyr «eigenplikt.» For den øvste klassen, prestane, er eigenplikta å lære og vidareformidle dei heilage tekstane og utføre ritual. Den nest øvste klassen, krigarane og politiske herskarar, skal styre samfunnet og lære seg krigføring. Tredjeklassen, som består av bønder, handelsfolk og handverkarar, skal bli spesialister i sine fagfelt. Den nedste klassen, tenarane, skal tene dei andre klassane etter beste evne.

Kva klasse ein blir fødd inn i, avheng av karma. Karma betyr konsekvensane av tidlegare handlingar som avgjer korleis den neste atterfødinga blir. Viss ein utfører si eigenplikt bra, er tanken at ein vil bli atterfødd i ein høgare klasse i neste liv. Dermed er det stor forskjell på etiske plikter og rettar i klassisk hinduisme.

Fellesetikk

Sjlv om hinduar si eigenplikt (svadharma) varierer, skal alle også følgje ein fellesetikk. Fellesetikk betyr reglar som skal gjelde for alle hinduar. Ein slik felles dharma blir kalla sadharana dharma. Dette inneber universale reglar som ikkje stele, lyge, vere utru, grisk, valdeleg eller sint, og framheving av kvalitetar som sjølvkontroll og tolmod. Dei fleste av desse står beskrivne i Manus lover.

Kjønnsroller og etikk

Dei fire stadia er hovudsakleg retta mot menn og presteklassen. Det finst også rettar og plikter spesifikt for kvinner, dette blir kalla stridharma. Kvinner sine livsstadium kan delast i tre: jente, hustru og enkje. Ekteskapet blir tradisjonelt rekna som det viktigaste stadiet for kvinner, og enkjestadiet har låg status. Pliktene handlar om lydnad og truskap; overfor far sin som jente, mannen sin som kone, og trufast til den avdøde ektemannen som enkje, som betyr at dei ideelt ikkje skal gifte seg på nytt. Dei ovannemnde ideala både hos menn og kvinner blir slett ikkje praktisert av alle hinduar, men speglar heller tradisjonelle etiske ideal i hinduismen.

Kvinner er likevel overrepresenterte i fleire delar av hinduismen sitt religiøse liv. I tantrisme, gudinnefokuserte retningar og ikkje minst tilbedingsyoga – sistnemnde er den mest populære delen av hinduismen sitt religiøse liv – har kvinner viktige og somme gonger dominerande roller. Kvinner har tilgang til nesten alle former for religiøst liv, og er viktigast i ritual som har å gjere med familien, velværet i samfunnet og overgangsritual.

Ahimsa og etiske konfliktar

Ahimsa betyr ikkje-vald. Dette idealet finn ein i mange hinduistiske retningar og tekstar. I det fjerde livsstadiet som asket, er ahimsa-idealet absolutt. Det betyr i praksis at mange asketar er vegetarianarar, og forsøkjer å unngå all skade og vald mot både menneske og dyr.

Sjølv om ahimsa er eit fellesetisk ideal i hinduismen, krasjar det somme gonger med eigenpliktene. Mest tydeleg blir det konflikt for medlemmar av krigarklassen. Kva gjer ein viss fellesplikta om å ikkje utøve vald krasjar med eigenplikta om å vere ein god krigar?

Den heilage teksten Bhagavadgita tek opp denne konflikten. Teksten beskriv korleis Arjuna, ein prins frå krigarklassen, ikkje ønskjer å gå til angrep på sine eigne slektningar. Han blir likevel overtydd av guden Krishna om at den som utfører eigenplikta utan egoisme og med rett innstilling, kan bli frelst. Det viktigaste er å utføre sine plikter utan tilknyting til konsekvensane. Med andre ord er eigenplikta viktigare enn fellesplikta.

Viktige omgrep

  • kastesystem
  • karma
  • dharma
  • ahimsa
  • Manus lover
  • dei fire livsstadia
  • eigenplikt – svadharma
  • fellesetikk – sadharana dharma
  • stridharma
  • Bhagavadgita

Relatert innhald

Kjelder

  • Jacobsen, Knut A. (2003). Hinduismen. Pax Forlag A/S, Oslo.
  • Jacobsen, Knut A. & Thelle, Notto R. (1999). Hinduismen og buddhismen. Høyskoleforlaget AS.
Skrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2022