Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Film: Nyreligiøsitet

I denne filmen møter du tre ulike uttrykk for nyreligiøsitet: Norsk Spiritualistisk Trossamfunn, Holistisk Forbund og to jenter som kallar seg hekser.

Før du ser filmen

Tenk over eller diskuter i klassen:

  • Kva knyter du til nyreligiøsitet?

  • Kva er typiske nyreligiøse trusoppfatningar?

  • Kva er typiske nyreligiøse ritual?

Sjå filmen (lengde 9:21) og jobb med oppgåvene under.

Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-ND 4.0

Etter at du har sett filmen

Du har sett tre døme på nyreligiøsitet: Norsk Spiritualistisk Trossamfunn, Holistisk Forbund og den moderne heksebevegelsen.

  1. Finn døme på noko som alle dei tre har til felles.

  2. Kva skil desse frå tradisjonelle religionar som til dømes kristendommen, islam og hinduismen?

  3. Kva fordommar trur du nyreligiøse møter?

  4. Kvifor har slike former for religiøsitet blitt så populære dei siste tiåra, trur du?

Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist oppdatert 19.02.2026