Oppgåve
Er mennesket verdt meir enn dyr?
Les tekstar med ulike syn på mennesket og naturen. Er mennesket ein del av naturen, eller står vi og behova våre over han?

Vi har ein annan moralsk terskel for å skade dyr enn vi har for menneske, noko ordninga med forsøksdyr viser. Kva slags syn på mennesket og naturen ligg bak dette?
Del 1. Les om mennesket og naturen
- Kva betyr omgrepsparet økosentrisk og biosentrisk? Leit i gode kjelder og diskuter med ein medelev for å bli einige om ein lettfatteleg definisjon.
- Kan du bruke desse omgrepa til å gi ulike svar på spørsmålet om menneske og dyr er like mykje verde?
- Les kronikken Mennesker er alltid mer verdt enn dyr. Kva slags syn på spørsmålet om menneske og likeverdet til dyr finn du her? Er nokon av desse synspunkta antroposentriske eller biosentriske?
- Les innlegget Ropstad får kjeft etter utspill om miljøbevegelsen Kva slags syn på spørsmålet om menneske og likeverdet til dyr finn du her? Er nokon av desse synspunkta antroposentriske eller økosentriske?
Del 2. Undersøk argumenta på begge sider av debatten
- Lag ei oversikt over dei ulike standpunkta eller posisjonane de finn i tekstane til problemstillinga: Er mennesket og dyra likeverdige? Kva er argumenta som blir brukte for å grunngi dei ulike standpunkta til denne problemstillinga?
- Gå saman i gruppene og vurder argumenta. Er dei saklege og haldbare? Appellerer dei til kjensler eller felles verdiar? Bruk gjerne sjekklista under for å undersøkje argumenta.
- Kva meiner deltakarane i debatten blir konsekvensane av ståstaden til motstandaren i denne saka?
Relatert innhald
Sjekkliste: Vurder argumenta
Bruk denne sjekklista i arbeidet med å vurdere argument i ein debatt eller ein tekst.