Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Utopi eller dystopi?

Er framtida lys eller mørk? Treng vi både utopiar og dystopiar? Reflekter og diskuter!

Svar på oppgåvene individuelt og diskuter svara i klassen etterpå.

  1. Ungdommar i dagens samfunn er meir bekymra for framtida enn før. Ifølge ei undersøking i 2024 er berre 11 prosent av ungdommar i dag optimistar. Dei er bekymra for klima og miljø, krig og uro, eigen økonomi og eigne framtidsmoglegheiter (Mikkelsen & Larsen, 2024). Kvifor trur du at så mange ungdommar no har eit meir negativt syn på framtida enn tidlegare generasjonar?

  2. Om du tenker på dagens filmar, bøker og tv-seriar – er det flest utopiar eller dystopiar? Kvifor er det slik, trur du?
  3. Treng vi fleire utopiar eller fleire dystopiar? Eller klarer vi oss tvert imot best utan dei? Prøv å finne argument både for og imot.

Kjelde

Mikkelsen, S. & Larsen, H. (6. august 2024). Unge er mer bekymret enn før — bare 11 prosent er optimister. Khrono. Henta 16. mars 2026 frå https://www.khrono.no/unge-er-mer-bekymret-enn-for-bare-11-prosent-er-optimister/878400

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 17.03.2026