Definer omgrepet «religion» - Religion og etikk - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Definer omgrepet «religion»

Formuler din eigen definisjon av omgrepet «religion», og diskuter denne definisjonen med andre elevar i klassen.

Sjå filmen og jobb med oppgåvene under.

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0
  1. Bruk tre minutt på å prøve å formulere din eigen definisjon av omgrepet «religion».
  2. Set dykk saman i grupper på tre til fem elevar. Del definisjonane de har laga, med kvarandre, og diskuter dykk fram til ein felles definisjon som alle er einige i. Bruk kriteria for ein god definisjon.
  3. Skriv den definisjonen gruppa er blitt einig om, på tavla.
  4. Diskuter dette i fellesskap:
    • Er det nokon ord som går att? Er dette sjølve essensen av kva religion er?
    • Er nokon av definisjonane for vide?
    • Er nokon for snevre?
    • Kva ser ut til å vere dei største problema knytt til det å definere religion?
Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2022