Buddhisme – retningar - Religion og etikk - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Buddhisme – retningar

Buddhismen er verdas fjerde største religion med ca. 500 millionar tilhengjarar. Over 98 prosent av desse bur i Asia.

Buddhismen oppstod for over 2400 år sidan og har spreidd seg over heile Asia. I moderne tid har buddhismen fått tilhengjarar også utanfor Asia. Likevel utgjer buddhistar i Asia over 98 prosent av verdas buddhistar ifølgje tal frå Pew Research i 2010.

Buddhismen har tre hovudretningar: theravada, mahayana og vadsjrayana. Likskapen mellom desse er at dei vektlegg buddhismen sine tre tilflukter og dei fem etiske levereglane. Det som skil retningane frå kvarandre handlar om religiøse førebilete (heilagdomsideal) og synet på Buddha, praksis, tekstgrunnlag, og geografisk utbreiing.

Theravada

Theravada-buddhismen er eldst og meir konservativ og betyr «Dei eldste si lære». Theravada er den einaste gjenlevande skulen av dei eldste buddhist-skulane som oppstod i India på 200-talet f.Kr. Han vektlegg at berre dei som dedikerer seg fullstendig til etisk trening, meditasjon og klosterliv, kan nå det endelege målet, som er nirvana. Dette reknast som ekstremt vanskeleg, sjølv for munkar og nonner.

Heilagdomsidealet er å bli ein arhat, som betyr ein oppvåkna disippel som har fjerna all tilknyting til liding, verkeleggjord nirvana og dermed ikkje treng å bli atterfødd. I praksis blir arhat og buddha brukte som synonym for ein som har oppnådd nirvana i theravadabuddhismen. I theravadabuddhismen blir den historiske Buddha først og fremst sett på som eit ekstraordinært menneske, ein læremeister som viser vegen til nirvana.

Den viktigaste tekstsamlinga for theravada-buddhistar er utvilsamt Tripitaka, som er ei samling av dei eldste autoritative buddhistiske tekstane som blir anerkjende av alle retningane. Denne tekstsamlinga er skriven på språket pali og blir derfor også kalla for Palikanon. Resten av tekstane utanfor Palikanon blir ikkje aksepterte som autoritative innan theravada.

Theravada blir kalla for sørleg buddhisme, fordi denne forma for buddhisme pregar særleg Sri Lanka, Thailand, Burma (Myanmar), Laos og Kambodsja.

Mahayana

Mahayana, den yngre retninga, er mindre konservativ og meir variert. Mahayana betyr «den store vogna» og oppstod truleg det første hundreåret f.Kr. Namnet (“den store vogna”) viser til at alle kan nå nirvana, ikkje berre munkar og spesialistar i klosterfellesskapen. Retninga har vist seg svært tilpassingsdyktig og rommar eit hav av ulike skular og praksisar (til dømes bøn, meditasjon, yoga og resitasjonsritual). To kjende tradisjonar som er populære også i Noreg er japansk zenbuddhisme, som fokuserer på meditasjonsdisiplin, og det reine lands buddhisme, som vektlegg tru, bøn og resitasjon av mantraer.

Heilagdomsidealet er boddhisattvaidealet. Ein bodhisattva kan bety to ting: generelt ein person som er på veg mot oppvakning, og meir spesifikt i mahayanabuddhismen ein person som har oppnådd nirvana, men som vel å utsetje beløninga ved endeleg nirvana (parinirvana). Dette betyr at ein bodhisattva vel å bli att i verda, sjølv om dei har frigjord seg frå atterføding, for å hjelpe alle andre levande skapningar med å oppnå det same. Mahayanabuddhistar ser ikkje arhat-idealet i theravada for å vere det høgaste oppnåelege målet, fordi dei reknar det som egoistisk å forsvinne inn i det endelige nirvana utan å hjelpe alle dei som framleis lid i atterfødinga sitt fengsel.

Mahayanabuddhismen byggjer på ei enorm samling tekstar som blir kalla Mahayana-sutraene, som spelar ei viktigare rolle enn Palikanon. I desse sutraene finn ein ei rekkje idear vidareutvikla frå omgrepa og praksisane til theravadabuddhismen . Nokre av desse inkluderer boddhisattvaidealet, tankar om reine land og ei uendeleg rekkje himmelske buddhaer, synet på buddhaer og bodhisattvaer som guddommelege, tanken om at det finst ulike vegar til nirvana via bøn og tilbeding, og mange filosofiske nyvinningar.

Mahayana blir også kalla østleg buddhisme, fordi dei fleste tilhengjarane bur i Kina, Japan, Sør-Korea og Vietnam.

Vadsjrayana

Vadsjrayana betyr «diamantvogna» og er eigentleg ei undergruppe av mahayana, men blir ofte rekna som ei tredje grein av buddhismen på grunn av sin særeigne praksis og si geografiske utbreiing. Nokre særpreg er fokuset på ritualistisk meditasjon med særleg bruk av mantra (heilage lydar) og mandala, behovet for ein kvalifisert læremeister (lama) og det strenge lojalitetskravet til denne, og haldninga om at det finst ein «snarvei» til nirvana for dei spesielt innvigde.

Vadsjrayana-buddhismen blir også kalla nordleg buddhisme og tibetansk buddhisme, fordi han hovudsakeleg er knytt til Tibet, Nepal, Bhutan, Mongolia, Nord-Kina og Sibir.

Basert på tal frå 2013 kan vi rekne med omtrent 370 millionar mahayana-buddhistar, 105 millionar theravada-buddhistar og 25 millionar vadsjrayana-buddhistar i verda.

Buddhisme i Noreg

Buddhismen kom til Noreg på 1970-talet som følgje av innvandring, særleg frå Vietnam. Ifølgje SSB er det registrert litt over 20 000 buddhistar i Noreg i dag (2018), basert på medlemskap i eit buddhistisk trussamfunn.

Paraplyorganisasjonen for norske buddhistar er Buddhistforbundet, som blei stifta i 1979. Ifølgje Buddhistforbundet er det omtrent 40 000 buddhistar i Noreg, viss vi også reknar med dei som ikkje er registrerte i ein buddhistisk organisasjon eller eit trussamfunn. Det tilsvarer 0,7 prosent av Noregs befolkning. Dei fleste buddhistar i Noreg har bakgrunn i eit anna land, slik som Thailand, Vietnam, Myanmar og Kina. Ifølgje Buddhistforbundet er minimumstalet for buddhistar med etnisk norsk eller vestleg bakgrunn 2370, men det finst foreløpig ikkje offisielle tal på dette.

Viktige omgrep

  • theravada – sørleg buddhisme
  • mahayana – østleg buddhisme
  • vadsjrayana – nordleg buddhisme
  • arhat
  • Tripitaka / Palikanon
  • japansk zenbuddhisme
  • det reine lands buddhisme
  • bodhisattva
  • parinirvana
  • Mahayana-sutraene
  • mantra
  • mandala
  • lama
  • Buddhistforbundet


Skrive av Clemens Saers og Knut Dæhli. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 15.08.2019