Situasjonsanalyse av "Ein heim heimanfrå" - Reiseliv og språk 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Situasjonsanalyse av "Ein heim heimanfrå"

I denne oppgåva skal du kategorisere nokre styrkar, svakheiter, moglegheiter og truslar for ein tenkt utleigeformidlar som heiter "Ein heim heimanfrå".

Tenk deg at du skal gjennomføre ein liten situasjonsanalyse for ein tenkt utleigeformidlar som heiter "Ein heim heimanfrå".

"Ein heim heimanfrå" driv ein type utleigeformidling som går ut på at du kan leige ut heimen din, eller sjølv bestille unike overnattingar rundt om i verda. Du kan leige store villaer, små leilegheiter eller eit rom hos ein familie for ein dag, ei veke eller ein månad. I tillegg får du autentiske reiseopplevingar. Tenesta er avhengig av tillit og av ærlege leigetakarar og utleigarar.

Skrive av Caroline Eriksen Krilic og Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 05.04.2021