Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Merkevarebygging av Noreg som turistmål

Korleis kan Noreg styrkje seg som merkevare og bli meir attraktivt som turistmål?

Fase 1: Del klassen i tre grupper à 3–5 elevar

  • Kvar gruppe skal diskutere og beskrive korleis Noreg kan drive merkevarebygging av Noreg som turistmål, ved å:

    • identifisere og skape behov hos målgruppa
    • utvikle eit tydeleg konsept med ein visuell identitet
    • utarbeide ein marknadsføringsstrategi
  • Ein på gruppa tek notat og deler dei med dei andre.

Fase 2: Presenter for klassen

  • Kvar gruppe presenterer forslaga sine.

  • Diskuter i klassen etter kvar presentasjon.

Fase 3: Diskuter i klassen

  • Ha ein klassediskusjon om korleis Noreg best kan styrkje merkevara si.

  • Ein i klassen tek notat over forslaga og deler dei med dei andre.

Skrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS.
Sist oppdatert 04.05.2021