Spekematbord

Spekemat
Ein kan òg utvide repertoaret med fleire sortar spekemat frå andre land, og då vil gjerne tilbehøyret òg bli noko endra.
Når ein serverer spekematen, vel ein gjerne litt originale anretningar som rustikke trefjøler, flate steinar og liknande for å understreke det tradisjonelle.
Eit tradisjonelt spekematbord inneheld
- spekeskinke som westfaler eller pæreskinke
- spekepølser som fårepølse, salami, morrpølse, svartpølse
- fenadlår
- spekt kjøtt, som spekt reinkjøtt, elgkjøtt, hjarte og tunge
Tilbehøyr
flere typar brød, gjerne smaksette, grove og fine, flatbrød
ulike typar smør eller margarin, og gjerne lettmargarin for dei som ønsker dette
rømme og eventuelt dressing lagd på rømme og urter
eggerøre
søt og godt modna frukt, til dømes melon, jordbær, mango, fersken og druer
salatar, som potetsalat, waldorfsalat, pastasalat og ein grøn salat
rømmegraut (tradisjonelt tilbehøyr til spekemat)
Mengde
Rekn om lag 150 gram spekemat per person, fordelt på dei ulike sortane. Spekeskinke er oftast mest populært.
Drikke
Øl er tradisjonell drikke til spekemat, men tørr eller halvtørr kvitvin passar òg bra.
Alkoholfritt
Isvatn og mineralvatn.
