Ris – tillaging - Råvare, produksjon, sal og service (RM-KOS vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Ris – tillaging

Ris er ein type mettingsgarnityr. Ris åleine smaker lite, derfor bruker vi ofte ulike typar smakstilsetjingar som kraft, urter og sausar i risrettane.

Å koke ris er ikkje den mest krevjande jobben på eit kjøkken. Likevel blir det kravd nøyaktigheit og kunnskap om ristypane og tillaging for å få riktig smak og konsistens.

Generell regel

  1. Det er ein fordel å skylje risen i rennande vatn før han blir kokt. Dette gjer vi for å skylje av eventuelt støv og mindre partiklar som finst i rå ris. Ein annan fordel med å skylje risen er at du fjernar noko av stivelsen i risen, og du får då eit mindre klistrete og meir luftig produkt.
  2. Ris svell når han blir kokt. I den prosessen trekkjer han til seg vatn, og det er derfor viktig å bruke nok vatn. Ein generell regel på ristypane jasmin og basmati er å bruke dobbelt så mykje vatn som ris. Koketida varierer mellom ristypane, men det er alltid viktig å følgje med undervegs.
  3. Det er viktig med rask nedkjøling viss vi skal nytte ris som restemat. Ifølgje Mattilsynet kan kokt ris lett få tilført giftstoff frå bakterien Bacillus cereus. Desse giftstoffa forsvinn ikkje i kjøleskapstemperatur eller ved oppvarming, og dei luktar eller smaker heller ikkje.

Pilaffris

Ingrediensar

  • 2 stk. finhakka sjalottlauk
  • 2 fedd finhakka kvitlauk
  • 75 g smør
  • 750 g langkorna ris
  • 15 dl kraft som passar til den retten du skal servere

Framgangsmåte

  1. Fres lauk og kvitlauk med smøret i ein kasserolle.
  2. Ha i risen og rør rundt. Fyll på med kraft og kok opp.
  3. La risen småkoke til ønskt konsistens.

(Hansen et al., 2006, s. 231)

Risotto, grunnoppskrift

Råvarer

  • 2 dl risottoris
  • 1 1/2 dl tørr kvitvin
  • 1 sjalottlauk
  • 1 fedd kvitlauk
  • 8–10 dl kraft etter eige ønske
  • 20 g rive parmesan
  • 4 ss usalta smør
  • 4 ss olivenolje

Framgangsmåte

Finhakk lauk og kvitlauk og surr dette i litt av smøret til det blir blankt. Skyl risen godt i ei sikt og ha han i panna saman med lauk og kvitlauk. Surr dette godt saman før du tilset kvitvinen. Når vinen er kokt nesten heilt inn, tilset du kokande kraft, ei ause om gongen. La det koke ein del før du tilset meir. Det er viktig å røre jamleg slik at alle riskorna får sitt. Når risen er mør (ca. 20 minutt), blir risottoen montert med parmesan, smør og olivenolje. Smak til med salt og pepar.

Det er viktig at risottoen ikkje koker etter at du tilset parmesan.

(Gausdal, 2015, s. 370)

Kjelder

Gausdal, T. V. (2015). Kokkelære: Den store kokeboka. Forlaget Press.

Hansen, H.-E. R., Johnsen, R. & Rognhaugen, O. R. (2006). Råstoffer og produksjon. Gyldendal undervisning.

Mattilsynet. (2013, 11. januar). Bacillus cereus. https://www.mattilsynet.no/mat_og_vann/smitte_fra_mat_og_drikke/bakterier_i_mat_og_drikke/bacillus_cereus.2503

Skrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 06.01.2021