Rioja, Navarra, Ribera del Duero og La Mancha - Råvare, produksjon, sal og service (RM-KOS vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Rioja, Navarra, Ribera del Duero og La Mancha

Vi gjer oss litt betre kjend med regionane Rioja, Navarra, Ribera del Duero og La Mancha.

Rioja

Regionen ligg i nordaust opp mot grensa til Frankrike. Som det er vist i vinloven, er han jamt over Spanias beste region. Namnet er ei samansmelting av orda Rio Oja (elva Oja). Regionen er delt inn i tre underdistrikt: Rioja Alta (dei «beste» vinane), Rioja Alavesa (dei friskaste, mest syre) og Rioja Baja (dei kraftigaste, med mest alkohol og farge). Vinane består av ei blanding av desse tre.

Det er raudvinane som kjem best ut. Dei blir hovudsakleg laga av druene Tempranillo og Garnacha (ein variant av Gernache frå Rhône). Tempranillo er hovuddrua, og ho blir beskriven som ein mellomting av Cabernet og Pinot Noir. Produksjon og lagring er mykje lik Bordeaux, med bruk av eikefat på 225 liter. Vinane kan minne om kraftige, fruktige bordeauxvinar med typisk eikepreg. Det blir òg laga kvalitetskvitvin, men ikkje av same mengd og kvalitet som dei raude.

Dette er naboen og «veslebroren» til Rioja. Det blir brukt stort sett same druer og same produksjonsmåtar, og raudvinane minner mykje om dei frå Rioja, men dei er noko gunstigare i pris. Det er fordi namnet ikkje har så stor prestisje og Navarra «berre» har DO-klassifisering. Lågare klassifisering gir òg høve til bruk av for eksempel franske druer som blir brukte i blanding med dei spanske. Framover kan vi vente mykje spennande og god vin frå Navarra.

Ribera del Duero

Distriktet ligg vest for Rioja rundt elva Duero. Elva held fram inn i Portugal og får der namnet Douro, og det er langs denne elva det blir produsert portvin. I Ribera blir det etter kvart produsert raudvin av svært høg kvalitet av drua Tinto Fino (ei lokal utgåve av Tempranillo) i tillegg til noko bordeauxdruer. Det er først og fremst Vega Sicilia som har gjort regionen kjend. Dette er Spanias beste og dyraste vin. Han er svært kraftig og intens. Under gjæringa blir det teke med litt stilkar, noko som gir mykje tannin. Det gjer vinen svært haldbar, og han bør gjerne ha ei lagring på 10–14 år, men held likevel på den opphavlege friske smaken. Vega Sicilia er eit gammalt firma, men det har dukka opp ei rekkje firma som lagar vin av høg kvalitet.

La Mancha

La Mancha ligg på ei høgslette (500–800 meter over havet). Det blir dyrka mest kvitvin, men òg raudvin, då særleg i Valdepeñas, som ligg på den sørlege delen av sletta, og der blir det produsert blaute, runde raudvinar. Vinane frå desse områda har gjerne vore rimelege kvardagsvinar, men meir moderne produksjon gjer at kvaliteten stig.

Skrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021