Næringsstoff

Her får du ein kort repetisjon av det du lærte om næringsstoffa på vg1. På vg2 bruker vi denne kunnskapen meir aktivt i arbeidet med kosthald, spesialkost, menyplanlegging og vurdering av matvarer.
Inndeling av næringsstoff
Næringsstoffa har ulike oppgåver i kroppen, og vi treng dei i ulike mengder. Eit sunt og variert kosthald bidreg til å dekke behovet til kroppen for næringsstoff. Vi deler dei inn i to hovudgrupper:
Energigivande næringsstoff
karbohydrat
feitt
protein
Dei energigivande næringsstoffa kan brytast ned i kroppen og gi energi. Feitt gir mest energi per gram, deretter protein og karbohydrat. Alkohol gir òg energi, men blir ikkje rekna som eit næringsstoff.
Ikkje-energigivande næringsstoff
vitamin
mineral og sporstoff
vatn
Desse næringsstoffa gir ikkje energi, men er heilt nødvendige for ei rekke livsviktige prosessar i kroppen, som regulering av stoffskifte, transport av stoff, væskebalanse og oppbygging av vev.
Energigivande næringsstoff
Dei energigivande næringsstoffa har som hovudoppgåve å tilføre energi til kroppen.
Feitt gir cirka 37 kJ per gram.
Karbohydrat gir cirka 17 kJ per gram.
Protein gir cirka 17 kJ per gram.
Feitt er både ei viktig energikjelde og nødvendig for mellom anna oppbygging av celler og opptak av dei feittlauslege vitamina A, D, E og K. Feitt blir mellom anna delt inn i metta og umetta feitt.
Karbohydrat omfattar mellom anna sukker, stivelse og kostfiber. Sukker og stivelse kan brytast ned i kroppen og brukast som energikjelde. Kostfiber blir i liten grad broten ned i tynntarmen, men har andre viktige funksjonar i kroppen og bidreg mellom anna til normal fordøying.
Protein kan òg gi energi, men blir i hovudsak brukt som byggemateriale i kroppen.
Vitamin
Vitamin er organiske stoff som kroppen treng i små mengder for å halde oppe normale funksjonar. Dei blir delte inn i to grupper:
- vassløyselege vitamin
- B-vitamin og vitamin C
- feittløyslege vitamin
- A, D, E og K
Vassløyselege vitamin blir i liten grad lagra i kroppen og må tilførast jamleg gjennom kosten. Vitamin B12 er eit unntak fordi kroppen kan lagre dette vitaminet. Feittlauslege vitamin kan lagrast i feittvevet til kroppen og i levra.
Vitamina har mange ulike funksjonar, mellom anna knytt til immunforsvar, energiomsetning, celledeling, syn, blodlevring og til vedlikehald av hud og slimhinner. Eit variert kosthald vil i dei fleste tilfelle dekke behovet for vitamin.
Mineral og sporstoff
Mineral er uorganiske næringsstoff som kroppen treng for å halde oppe normale funksjonar. Dei er òg viktige byggesteinar i kroppen, spesielt i skjelettet og tennene. Mineralstoffa blir delte inn i to grupper:
- mineral
- som kroppen treng i større mengder (til dømes kalsium og fosfor)
- sporstoff
- som kroppen treng i svært små mengder (til dømes jern, jod, sink og selen)
Mineral og sporstoff inngår i mange prosessar i kroppen. Dei er mellom anna viktige for blodet, nervesystemet og hormona og bidreg til at enzym kan utføre oppgåvene sine.
Vatn
Vatn blir rekna som eit livsnødvendig næringsstoff, sjølv om det ikkje gir energi. Vatn inngår i alle cellene i kroppen og har fleire viktige oppgåver:
transport av næringsstoff og avfallsstoff
regulering av kroppstemperatur
fordøying og opptak av næringsstoff
Kroppen taper væske gjennom sveitte, urin og pust, og det er derfor nødvendig med jamn tilførsel av væske gjennom mat og drikke.
Samspelet til næringsstoffa
Næringsstoffa har ulike funksjonar i kroppen, men mange av prosessane i kroppen krev fleire næringsstoff samtidig. Til dømes trengst fleire vitamin og mineral for at kroppen skal kunne utnytte energi frå karbohydrat, feitt og protein.
Eit sunt og variert kosthald bidreg til å dekke behovet kroppen har for næringsstoff, og er knytt til lågare risiko for fleire sjukdommar. Dette er spesielt viktig i kokke- og servitørfag fordi du vil møte gjester og brukarar med ulike behov, livssituasjonar og kosthaldsvanar.
Tenk etter ...
Kvifor treng kroppen meir enn berre energi?
Kva kan skje dersom kosthaldet manglar viktige næringsstoff?
Kvifor blir det tilrådd å ha variert kosthald?
Kvifor er kunnskap om næringsstoff viktig når du planlegg og lagar mat for ulike gjester eller brukargrupper?