Hindringar for mikroorganismar - Råvare, produksjon, sal og service (RM-KOS vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Hindringar for mikroorganismar

Hygiene på kjøkkenet er viktig. Gjer teorioppgåvene og lær deg riktig hygiene i alt du gjer. Både i det daglege arbeidet ditt på kjøkkenet på skulen, i praksis og når du er heime.

Livsvilkår for bakteriar er:

  • oksygen
  • passande temperatur
  • fukt
  • pH
  • næring

Teorioppgåver

  1. Kvifor skal temperaturen i kjøleskapet vere under 4 °C?
  2. Kvifor bør vi vaske hendene ofte?
  3. Kvifor dekkjer vi til matvarer under oppbevaring?
  4. Kvifor må mat som skal haldast varm over tid, ha ein temperatur på minst 60 °C?
  5. Kvifor bruker vi eddik som konserveringsmiddel for matvarer?
  6. Kvifor er det viktig å vaske kjøkkenbenken godt?
  7. Lag faktaark for dei ulike avdelingane på skulekjøkkenet. Det skal vise korleis du kan hindre bakterievekst. Bruk gjerne bilete i tillegg til tekst for å illustrere.
Skrive av Gro Birgitte Eriksson og Unni Kulhuset Granheim.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017