Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Handtering av konfliktar

Dei fleste som jobbar i servicebransjen, må før eller sidan handtere utfordrande situasjonar med gjestar eller kundar. Frustrasjon og sinne kan vere ubehageleg, og det kan vere vanskeleg å vite korleis du bør forhalde deg.

Film om konflikthandtering

Denne filmen frå helseservicefaget (lengde 11:04) viser korleis du profesjonelt kan handtere konfliktar med ein gong og forhindre at dei blir verre. Sjølv om filmen er frå helsevesenet, kan prinsippa overførast til liknande situasjonar i andre yrke.

Video: Leidar / CC BY-SA 4.0

Sjå gjennom filmen og tenk over

  1. I kva situasjonar kan det oppstå liknande episodar med gjestar eller kundar innanfor nokon av yrka i kokk- og servitørfag?

  2. Kvifor er det viktig at du som profesjonell klarer å kontrollere kjenslene dine når du møter folk som er opprørte?

  3. Skriv stikkord for korleis du best kan møte ein situasjon med ein frustrert og sint gjest.

  4. Som profesjonell vil du kanskje hamne i krevjande situasjonar der du òg blir observert av andre gjestar og kundar. Korleis trur du ein situasjon som eskalerer (aukar), påverkar andre gjestar eller kundar?

  5. Korleis kan du opptre profesjonelt slik at den som observerer deg, framleis har tillit til deg og vil halde fram med å vere gjest hos deg?

Lag din eigen film

Lag eit rollespel i par eller grupper på tre. Rollespelet skal handle om ein konfliktsituasjon som kan oppstå med ein gjest eller kunde innanfor kokk- og servitørfaga.

  • Lag først eit rollespel der konflikten blir handtert dårleg, og han eskalerer.

  • Lag så eit rollespel der konflikten blir handtert på ein god måte og ikkje eskalerer.

Lag ein film med begge rollespela, og vis han for dei andre elevane i klassen. Diskuter kva som fungerte, og kva som ikkje fungerte i kvar situasjon.

Skrive av Jannike Gausdal.
Sist oppdatert 17.09.2025