Ernæring og kostråd

Informasjon om oppgåva
På restaurant- og matfag vg1 lærte du ein del om kva næringsstoff som finst i maten. Her skal du vise det du har lært, og setje saman menyar som er tilpassa kostråda.
Denne oppgåva kan vere anten ei gruppeoppgåve eller ei individuell oppgåve. Elevane kan svare på oppgåva ved å lage til dømes ei veggavis, plakatar eller ein PowerPoint-presentasjon.
Oppgåve 1
Skriv litt om dei energigivande næringsstoffa, vitamin og mineral.
Kva matvarer er gode kjelder?
Kva funksjon har dei i kroppen?
Oppgåve 2
Nemn alle dei sju kostråda. Sett deg inn i eit råd du synest er ekstra viktig, og grunngi kvifor.
Oppgåve 3
Lag ein dagsmeny med måltid som frukost, lunsj, middag og kveldsmat. Menyen skal følge kostråda så langt som mogleg. Grunngi kort korleis menyen er i tråd med kostråda.
Oppgåve 4
Finn oppskrifter og lag bestilling på råvarer til eit av måltida frå oppgåve 3. Måltidet skal lagast på kjøkkenet og presenterast på ein buffé. Måltidet skal innehalde både mat og drikke.
Presenter måltidet for resten av klassen, og la dei få smake.
