Det nye nordiske kjøkken - Råvare, produksjon, sal og service (RM-KOS vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Det nye nordiske kjøkken

Dei siste 15 åra har restaurantar frå Norden fått mange stjerner i Michelinguiden. Kokkar frå Noreg og andre nordiske land har òg henta heim fleire medaljar frå VM og EM i kokkekunst. Det nordiske kjøkkenet handlar mellom anna om å nytte det beste som finst av særeigne nordiske råvarer.

Litt historie om det norske kjøkkenet

Tidlegare var norske kokkar ofte litt flaue over det norske kjøkkenet når det vart presentert i utlandet. Enkelte skrytte derfor av at dei ikkje nytta norske råvarer. Gastronomi var noko som fanst i det store utlandet. Når turistar og matentusiastar frå andre land besøkte Noreg, vart dei ofte presenterte for kjøtkaker, tørrfisk og lutefisk.

Norske kokkar har i fleire tiår gjort det godt som kjøkkensjefar i utlandet og henta heim fleire medaljar i både VM og EM i kokkekunst. Den første norske vinnaren av VM i kokkekunst, Bocuse d'Or, var Bent Stiansen i 1993. Seinare har fleire norske kokkar vunne både EM og VM i kokkekunst.

Den første norske restauranten som fekk éi stjerne i Michelinguiden, var Hotel Continental og Restaurant Annen Etage i Oslo. Dei fekk stjerna si allereie i 1984. Dei siste ti åra har norske restaurantar fått tildelt både éin, to og tre stjerner.

Det nordiske kjøkkenet

Mange meiner at det nordiske kjøkkenet fekk sin renessanse og vart verdskjent takk vere restauranten Noma i København. Tanken bak restauranten var: "Vi har det vi treng, her heime." Restauranten toppa lista over dei 50 beste restaurantane i verda i fleire år. Dette var med på å inspirere nordiske kokkar til å vende nasen heimover og – ikkje minst – til å nytte nordiske råvarer.

I 2004 skreiv tolv nordiske kokkar eit manifest for det nye nordiske kjøkken. I dette manifestet slo kokkane fast at nordisk mat absolutt kan samanliknast med verdas beste kjøkken når det gjeld smak, kvalitet og eigenart. I 2005 sette Nordisk ministerråd "Ny Nordisk Mat" på den politiske dagsordenen. Målet er å utvikle konseptet frå ein idé til ein livsstil som er betre for naturen, folket og det nordiske samfunnet.

Manifest for det nye nordiske kjøkken

Det nye nordiske kjøkken skal

  1. uttrykkje den reinleiken, friskleiken, enkelheita og etikken som vi gjerne vil forbinde med regionen vår

  2. spegle dei skiftande årstidene i sine måltid

  3. byggje på råvarer som blir særleg framifrå i våre klima, landskap og vatn

  4. sameine kravet om god smak med moderne kunnskap om sunnheit og velvære

  5. fremje mangfaldet av nordiske produkt og produsentar og spreie kjennskapen til kulturane bak dei

  6. fremje trivselen til dyra og ein berekraftig produksjon i havet og i dyrka og ville landskap (innmark som utmark)

  7. utvikle nye måtar å bruke tradisjonelle nordiske matvarer på

  8. sameine dei beste nordiske tillagingsmetodane og kulinariske tradisjonane med impulsar utanfrå

  9. kombinere lokal sjølvforsyning med regional utveksling av varer av høg kvalitet

  10. invitere forbrukarar, andre mathandverkarar, landbruk, fiskeri, små og store matvareindustriar, detalj- og mellomhandlarar (grossistar), forskarar, undervisarar, politikarar og styresmakter til eit samarbeid om dette felles prosjektet som skal bli til gagn og glede for alle i Norden

Kjelder

Nofima AS. (u.å.). Ny nordisk mat. Henta 10. mai 2021 frå https://nofima.no/filearchive/eivind-haalien_2.PDF

Viestad, A. (2016, 14. januar). Kan bestemor redde det nye nordiske kjøkkenet? Dagens Næringsliv. Henta 10. mai 2021 frå https://www.dn.no/smak/tendens/nordisk-mat/mat/andreas-viestad/kan-bestemor-redde-det-nye-nordiske-kjokkenet/1-1-5551064

Skrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2021