Bidragsmetoden - Råvare, produksjon, sal og service (RM-KOS vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Bidragsmetoden

Stine har fått spørsmål frå eit sambuarpar om ho kan lage ein trerettars bryllaupsmeny til 60 personar. Dei har klare ønske om kva dei vil ha, men kan maks betale 30 000 kroner. Bør Stine ta på seg oppdraget?

Stine bruker bidragsmetoden

Stine har fagbrev i kokkefaget og har jobba lenge i hotell- og restaurantbransjen. Ho er no medeigar i ein liten restaurant som òg driv cateringsverksemd.

Stine har hatt eit møte med eit sambuarpar som ønsker å kjøpe mat til bryllaupet sitt. Dei har funne fram til ein treretters meny både ho og kunden trur skal passe godt. Paret kan maks betale 30 000 kroner inklusive mva., og Stine lurer på om det vil vere lønnsamt for ho å ta på seg oppdraget.

Ho bruker bidragsmetoden for å berekne kor stort dekningsbidrag oppdraget vil gi ho. Det vil seie kor mykje dette oppdraget vil bidra med i kroner for å dekke dei faste kostnadene for bedrifta og ei forteneste.

Salspris utan meirverdiavgift

Det første ho må gjere, er å berekne salsinntektene eksklusive mva., som betyr salsinntekt etter at meirverdiavgift er trekt i frå. For cateringsverksemd er meirverdiavgifta på 15 prosent.

salsinntekt inkl. mva.1,15 = salspris ekskl. mva.

30 000 kroner1,15= 26 087 kroner

Variable kostnader

Stine må så berekne dei variable kostnadene. Ho finn ut at råvareprisen for ein treretters meny til 60 personar er 15 000 kroner.

  • Frakt til Stines lagar kostar 500 kroner for alle råvarene.

  • Stine veit at ho må ha 2 kokkar på jobb i 8 timar med ei timelønn på 200 kroner for å klare oppdraget (8 · 2 = 16 timar, 200 kroner·16 timar= 3 200 kroner).

Variable kostnader
råvarepris trerettars til 60 personarkr 15 000
+ fraktkr 500
+ direkte lønnkr 3 200
= totale variable kostnaderkr 18 700

Berekne dekningsbidraget

Når Stine har rekna seg fram til kor store variable kostnader oppdraget vil gi ho, kan ho berekne dekningsbidraget. Då tek ho salspris utan meirverdiavgift og trekker frå dei variable kostnadene.

Bidragskalkyle
salspris ekskl. mva.kr 26 087
– variable kostnaderkr 18 700
= dekningsbidragkr 7 387

Berekne dekningsgraden

Ho kan òg berekne kva dekningsgrad oppdraget vil gi, det vil seie kor stort dekningsbidraget er i prosent av salet utan mva. Ved å berekne dekningsgraden er det lettare å vurdere lønnsemda til dette oppdraget samanlikna med andre oppdrag.

Dekningsgrad: 7 387 kroner · 10026 087=28,3 %

Stine ønsker seg helst ein dekningsgrad på over 30 prosent. Men ho veit at mange av gjestane i bryllaupet er unge, ugifte par som kan vere framtidige kundar om ho leverer eit bra produkt. Stine synest det er viktig å vise seg fram for desse potensielle kundane og å hindre vekst hos konkurrenten. Ho bestemmer seg derfor for å ta oppdraget.

Hugselapp

  • I bidragskalkylen bruker vi salspris utan mva.

  • Variable kostnader endrar seg i takt med produksjonen eller salet.

  • Faste kostnader er dei same sjølv om produksjonen og salet endrar seg.
  • Dekningsbidrag er det økonomiske bidraget eit produkt bidreg med til å dekke faste kostnader og gi forteneste.
Skrive av Kyrre Romuld og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2022