Grunnleggjande tryggleikskurs

Grunnleggjande tryggleikskurs (GSK)
Alle som skal opphalde seg på faste eller flytande innretningar på norsk kontinentalsokkel, skal ha gjennomført grunnleggjande tryggleikskurs (GSK).
Kurset er gyldig i fire år. Dersom du skal halde fram med å reise offshore, må du fornye kurset med eit kort repetisjonskurs. Om du ikkje gjennomfører repetisjonskurset innan fire år, må du ta GSK på nytt.
Kursinnhald
Kurset skal gi innsikt i førebyggjande tiltak som kan hindre skadar på menneske, miljø og utstyr. Ved fullført kurs skal du ha grunnleggjande kompetanse innan
risikoforståing og barrierar
førstehjelp
brannvern
evakueringsmiddel
bruk av redningsdrakt i sjø
helikopterevakuering (HUET)
Filmen Helivelt - trening - Stavanger (lengde 1:41) på YouTube viser korleis ei øving i helikopterevakuering går føre seg.
Etter kurset kan du bidra til auka tryggleik på innretningar offshore fordi du kan
beskrive risikofaktorar og identifisere barrierar
utføre livreddande førstehjelp
evakuere frå helikopter
hindre at branntilløp oppstår og sløkkje mindre brannar
evakuere frå innretningar offshore i livbåt, redningsstrømpe og flåte
bruke redningsdrakt i sjø
Godkjend opplæring i Nordsjølanda
Petroleumsnæringa i Noreg, Storbritannia, Nederland og Danmark har inngått ein avtale om at tryggleiks- og beredskapsopplæring i eitt land, er godkjend i dei andre Nordsjølanda.