Refleksjon: tryggingsfokus og teknologien i framtida - Prosedyrar og praksis (TP-BRT vg2) - BETA - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Refleksjon: tryggingsfokus og teknologien i framtida

Kan vi sjå ein samanheng mellom fokus på tryggleik og bruk av offshore-teknologi til andre næringar?

Kan utviklinga i oljebransjen og fokus på helse, tryggleik og miljø vere årsaka til at vi klarer å vidareutvikle offshore-teknologi til bruk i andre fagområde?

  • Korleis trur du arbeidslivet i oljebransjen ville ha vore utan fokus på HMS?

  • Kva er eigentleg tryggleik?

  • Kvifor bruker vi så mykje ressursar på kampanjar om HMS i oljebransjen?

  • Er fokuset på tryggleik ein grunn til at offshore-teknologi blir brukt i andre bransjar, til andre formål?

  • Korleis bidreg oljebransjen til å betre miljøet?

  • Korleis er oljebransjen ein bidragsytar i ei berekraftig framtid?

  • Kva synest du er det neste vi skal få til frå bransjen vår?

Skrive av Sissel Paaske.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2021