Rapport om uønskt hending – RUH - Prosedyrar og praksis (TP-BRT vg2) - BETA - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Rapport om uønskt hending – RUH

Hendingar som har ført til eller kunne ha ført til alvorleg skade eller død, skal rapporterast til Havindustritilsynet.

Varslingsplikt til Havindustritilsynet

Paragrafen 29 til styringsforskrifta gir operatørselskapet plikt til å varsle Havindustritilsynet (Havtil) omgåande på telefon ved hendingar som har ført til eller kunne ha ført til

  • alvorleg og akutt skade
  • akutt livstruande sjukdom
  • alvorleg svekking eller bortfall av tryggingsfunksjonar eller andre barrierar, slik at integriteten til innretninga er i fare
  • ved akutt forureining

I etterkant skal ein skriftleg rapport fyllast ut og leverast til Havtil. Desse rapportane ligg som mal på nettsida til Havtil.

Dersom hendingane som er nemnde over, er av mindre alvorleg eller mindre akutt karakter, skal operatøren gi enkeltvis skriftleg melding til Havtil første arbeidsdag etter at situasjonen hende eller vart oppdaga.

Havindustritilsynet: § 29 Varsling og melding til tilsynsmyndighetene av fare- og ulykkessituasjoner

Rapport om uønskt hending til operatørselskapet

Erfaringar viser at mange små hendingar som ikkje blir rapporterte og heller ikkje blir brukte til å innføre forbetringar og nye prosedyrar, kan føre fram til ei eller fleire store hendingar med alvorlege konsekvensar.

For å bruke kunnskapen frå hendingar som kan verke ubetydelege, har selskapa innført eit system for rapportering av det som blir kalla uønskte hendingar.

Rapporteringssystemet blir kalla Rapport om uønskt hending (RUH). Ein slik rapport blir fylt ut og levert inn i systemet for behandling når det har skjedd ei hending som ikkje var planlagd.

Rapporten blir brukt til å analysere situasjonen for å finne ut om det er behov for nye eller endra prosedyrar, om det er behov for haldningsendringar, eller om det er feil i leiing. Analysen skal hjelpe til å finne årsaka til hendinga slik at forbetrande tiltak kan setjast i verk. Det er ikkje intensjonen i systemet å finne ein skuldig person.

  • Avviksskjema RUH

  • Observasjonssystem på arbeidsplassen

    Både operatørselskapa og serviceselskapa har eit lågare rapporteringsnivå som blir kalla STOPP-kort, OBS-kort, HMS-kort eller liknande. Dette handlar om å rapportere mange små avvik for å hindre store hendingar i ettertid. Formålet med observasjonssystemet er det same som RUH-systemet: Jo fleire som er med på å observere aktivt, desto større er moglegheita til å hindre store hendingar.

    Slike observasjonar blir gjorde dagleg og omfattar små avvik innan reinhald, orden, feilmerking, bruk av verneutstyr, haldningar til reglar og så vidare. Personen som observerer saka, kan utbetre feilen om mogleg og skriv det på kortet som likevel blir levert inn.

    Korta blir leverte i ei kasse eller til næraste overordna og går vidare til HMS-leiar. Sakene blir vurderte, og eventuelle korreksjonar eller tiltak blir sette i verk. Fleire selskap har påskjønningssystem som gir ei påskjønning til gode observasjonar.

    Oppdrag

    Gjer observasjonar på skulen, på skulevegen og heime.

    • Ser du noko som kan vere til skade for deg sjølv, venene dine eller andre?

    • Kan du fjerne noko som er til skade for miljøet?

    • Er det noko som kan løysast på ein betre måte?

    Skriv eit kort notat av alle observasjonane, og presenter det du synest er viktigast å endre, for læraren og klassen.

    Skrive av Sissel Paaske. Rettshavar: Cerpus AS
    Sist fagleg oppdatert 26.07.2017