Grunnleggjande tryggleikskurs - Prosedyrar og praksis (TP-BRT vg2) - BETA - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Grunnleggjande tryggleikskurs

Alle som skal reise offshore, treng eit gyldig tryggleikskurs. Kurset gir opplæring i førstehjelp, mønstring og evakueringsrutinar offshore.

Grunnleggjande tryggleikskurs (GSK)

Alle som skal opphalde seg på faste eller flytande innretningar på norsk kontinentalsokkel, skal ha gjennomført grunnleggjande tryggleikskurs (GSK).

Kurset er gyldig i fire år. Dersom du skal halde fram med å reise offshore, må du fornye kurset med eit kort repetisjonskurs. Om du ikkje gjennomfører repetisjonskurset innan fire år, må du ta GSK på nytt.

Kursinnhald

Kurset skal gi innsikt i førebyggjande tiltak som kan hindre skadar på menneske, miljø og utstyr. Ved fullført kurs skal du ha grunnleggjande kompetanse innan

  • risikoforståing og barrierar

  • førstehjelp

  • brannvern

  • evakueringsmiddel

  • bruk av redningsdrakt i sjø

  • helikopterevakuering (HUET)

Du kan sjå korleis ei øving i helikopterevakuering går føre seg her: Helivelt - trening - Stavanger (youtube.com).

Etter kurset kan du bidra til auka tryggleik på innretningar offshore fordi du kan

  • beskrive risikofaktorar og identifisere barrierar

  • utføre livreddande førstehjelp

  • evakuere frå helikopter

  • hindre at branntilløp oppstår og sløkkje mindre brannar

  • evakuere frå innretningar offshore i livbåt, redningsstrømpe og flåte

  • bruke redningsdrakt i sjø

Godkjend opplæring i Nordsjølanda

Petroleumsnæringa i Noreg, Storbritannia, Nederland og Danmark har inngått ein avtale om at tryggleiks- og beredskapsopplæring i eitt land, er godkjend i dei andre Nordsjølanda.

Kjelde

Norsk olje og gass (2017, 7. september). Norsk olje og gass plan for opplæring. Grunnleggende sikkerhetskurs (GSK). https://www.norskoljeoggass.no/globalassets/dokumenter/drift/opplaring/plan-for-opplaring/grunnleggende-sikkerhetskurs-versjon-3.PDF

Skrive av Sissel Paaske.
Sist fagleg oppdatert 26.07.2017