Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

HMS erfaringsoverføring

Fagstoff
Video

Retningslinje for fjernoperert røyrhandtering

Retningslinjer og rutinar for fjernoperert røyrhandtering i bore- og brønnoperasjonar er utarbeidde som eit resultat av krav frå PTIL om risikoreduksjon for personell offshore. Det er registrert ein betydeleg nedgang i klem- og handskadar etter at krava til fjernoperert rørhandtering bleir innførte.

Røyrhandteringsoperasjonar

På boredekket og på røyrdekket er dei fleste røyrhandteringsoperasjonane fjernopererte. Til dette er det utvikla mange ulike maskiner som har kvar si oppgåve.

Filmen under (lengde 0:49) viser korleis røyr blir opererte med ei fjernstyrt maskin.

Fjernoperert røyrhandtering. Video: NOV – National Oilwell Varco / CC BY-SA 4.0

Retningslinje for fjernoperert røyrhandtering

Retningslinje 081 frå Norsk olje og gass

Unntak

Det er enkelte operasjonar der det er svært vanskeleg eller urimeleg å stille krav om fjernoperert røyrhandtering, men standard arbeidsoperasjonar skal ha fjernoperert røyrhandtering på norsk sokkel. Eventuelle avvik frå retningslinje 081 skal behandlast internt i selskapa.

Skrive av Sissel Paaske. Rettshavar: Cerpus AS.
Sist oppdatert 11.11.2025