Gjenbruk av teknologi

Mykje godt kjem ut av oljebransjen. I denne oversikta ser vi på tekniske løysingar som er utvikla for oljebransjen, og som òg er tekne i bruk i andre næringar.
CO2-lagring i brønnar under havbotnen
Injeksjonsbrønnar blir bora ned til reservoaret og blir brukte til å auke oljeproduksjonen frå reservoaret. På Sleipner- og Snøhvit-felta er det allereie lagra meir enn 25 millionar tonn CO2-gass.
Teknologien er vidareført til injeksjon og lagring av CO2-gass i landbasert industri. Norcem Heidelbergs sementfabrikk i Brevik har stort fokus på produksjon utan utslepp.
Spor etter vikingar

I 2017 starta utforskinga av havbotnen i Hafrsfjord. Her blir det leita etter bevis på at slaget ved Hafrsfjord skjedde i år 872. Havbotnen blir kartlagd med sonarar og skannarar som er utvikla for offshoreindustrien. Deretter blir informasjonen tolka av spesialistar i selskap som har jobba med slikt for oljebransjen.
Du finn meir informasjon om denne teknologien på nettsida Geopluss (geopluss.no).
Reddar liv med oljekompetanse
Vedlikehaldsrutinar og overvakingssystem for vedlikehald på norsk sokkel er digitaliserte slik at ein automatisk blir varsla når tida for vedlikehald nærmar seg.
Den same teknologien er teken i bruk til å føresjå vedlikehaldsbehov på medisinteknisk utstyr, betre logistikkflyt og optimalisere skift- og bemanningsplanlegging. Programma er vidareutvikla til å føresjå når risikoutsette pasientar som blir lagde inn på sjukehus, er i ferd med å nå kritiske tilstandar.
Globus AI er bedrifta som starta med ideen, og det kan du lese meir om på nettsiden Redder liv med oljekompetanse (offshorenorge.no).
Nye vassrøyr utan graving
Boreteknologi som er utvikla for oljebransjen, blir brukt i Horten. Der blir det bora samband mellom vassrøyr og hus slik at graving i gatene blir unngått. Teknologien bruker robot til boring og kopling av vassrøyr.
Du finn meir informasjon om denne teknologien på nettsida Techni (techni.no).
Havbotnsstrukturar til oppdrettsnæringa

Vernedeksel og støttestrukturar til havbotnsinstallasjonar var opphavleg laga i stål. Det krev mykje vedlikehald og inspeksjon. Teknologisk utvikling gjorde det mogleg å lage dei same strukturane i glassfiberarmert polyester og andre komposittmateriale.
Materialet har låg vekt, høg styrke og avgrensa CO2-avtrykk. Det passar òg veldig bra til undervasstrukturen i oppdrettsnæringa og kan i tillegg brukast til landbaserte oppdrettskar.
Du finn meir informasjon om denne teknologien på nettsida A Leading EPC contractor of Composite Solutions (csub.com).
Feltsjukehus og kommandosenter frå oljelenser
Oljelenser er lange puter fylte med luft som blir lagde ut for å avgrense oljesøl. Desse vart utvikla allereie på slutten av 1970-talet.
Materialet og teknologien har deretter vorte tekne i bruk til å utvikle beredskapstelt til forsvaret, sivilforsvaret og humanitære organisasjonar. Desse telta er store og raske å setje opp.
Du finn meir informasjon om denne teknologien på nettsida NorLense (norlense.no).
Flytande havvindturbinar
Havvind skal bidra til å dekkje energibehovet med fornybar energi. Det er ingen tvil om at teknologien som blir brukt til flytande havvindturbinar, er henta frå oljebransjen. Dei flytande turbinane blir ankra etter det same prinsippet som flytande installasjonar for oljebransjen.
Mange ulike teknologioverføringar
Fiskerinæringa, vindkraft, kommunikasjon og overvaking – det er veldig mange område som bruker teknologi frå oljenæringa. Bransjen har laga ei eiga skryteside om temaet: Norske teknologioverføringer fra olje og gass til andre næringer (teknologioverforinger.no).
Du kan høyre ein samtale om karbonfangst og framtida i oljebransjen på nettsida Trenger kompetansen i olje- og gassindustrien (offshorenorge.no).
Til ettertanke
Kva i oljebransjen kan seiast å vere berekraftig? Er det gjenbruken, økonomi, teknologi eller menneskelege ressursar?
Korleis bidreg oljebransjen til positiv teknologisk utvikling?