Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

DROPS: Dropped Object Prevention Scheme

DROPS er ei forkorting for det engelske uttrykket "Dropped Object Prevention Scheme". Dette er eit internasjonalt samarbeid som set søkjelys på å førebyggje at ting og utstyr fell ned og gjer skade. DROPS beskriv blant anna korleis ein tek ein sjekk etter moglege lause gjenstandar i høgda.

Fallande gjenstandar er eit problem fordi dei kan gjere stor skade på folk og utstyr.

Det er utarbeidd prosedyrar som beskriv registrering av verktøy og utstyr, sikring og ryddigheit på arbeidsplassen og varsling og erfaringsoverføring for å unngå at verktøy og utstyr fell ned frå eit nivå til eit anna.

I Noreg er dei leiande rådgivarane innan dette temaet Offshore Norge og Samarbeid for Sikkerhet.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 30.09.2020