Rytme - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Rytme

Du kan skape rytme i eit produkt eller arbeid ved å gjenta linjer, former og fargar. Du kan gjenta elementa regelmessig med lik avstand, eller du kan setje dei saman på ein uregelmessig måte.

Rytme

I musikk dannar takt og melodi ein rytme, fordi tonar, strofer og vers blir gjentekne. Akkurat som du høyrer ein rytme i musikk, kan du sjå rytme i komposisjonar. Du skaper rytme ved å gjenta eller gruppere linjer, former og fargar. Det handlar om inndeling, anten jamt og symmetrisk eller uregelmessig og asymmetrisk.

Jamn og symmetrisk rytme

Du kan skape regelmessig rytme ved å gjenta former, linjer eller grupperingar med lik avstand mellom dei. Formelement kan gjentakast i eit bestemt mønster, anten som ein bord eller som eit større flatemønster.

Uregelmessig rytme

Rytmen kan vere uregelmessig, med ulik avstand mellom elementa. I ein ujamn rytme grupperer du gjerne elementa slik at det likevel blir ei form for ro eller harmoni.

I messestanden til MIJO blir dei ulike fargane og formene gjentekne på ein uregelmessig måte. Når du gjentek fargar og former på denne måten, skaper du ein dynamisk heilskap.

Heilskap

Vi bruker rytme og gjentek element for å skape heilskap i produkt eller arbeidet vårt. Vi kan til dømes skape rytme og harmoni ved å plassere blomstrar med jamn eller ujamn avstand i håret. Det kan vere éin og éin blomster, eller du kan lage grupperingar med fleire blomstrar. Dette skaper ein heilskap i frisyren.

Skrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2020