Øvelse
Mål ein komposisjon
Hent inspirasjon frå arkitektur, foto du har teke, eller komposisjonar du har laga. Teikn opp ein abstrakt komposisjon, og mål han med fargar frå ein fargepalett.
Tema: arkitektur.
Vel eit foto du har teke, eller ein komposisjon du har laga, som du liker ekstra godt.
Lag ein abstrakt komposisjon. Arbeid ut frå komposisjonsprinsippa, eller vel å bryte med prinsippa.
Finn ein ferdig fargepalett, eller lag ein eigen fargepalett med fem til sju fargar, som du bruker i komposisjonen.
Mål komposisjonen på bokpapp eller ei plate av kryssfiner, 20 cm x 20 cm.
Lag ei utstilling av komposisjonane til klassen.
Relatert innhald
Fagstoff
Forenkling, stilisering, abstraheringForenkle, stilisere og abstrahere er ulike måtar å arbeide vidare med eit utgangspunkt på.