Lampe - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Lampe

Du skal designe ei ny lampe. Kunden vil ha eit enkelt uttrykk som tek utgangspunkt i grunnformene. Eksperimenter med å dele opp forma, trekke frå eller legge til mindre delar og skyve delane frå kvarandre. Prøv ut avstand, retning og posisjon som verkemiddel.
Oppdeling av former blir kalla divisjonsform. Animasjonen viser korleis du kan forskyve delar ved hjelp av avstand, retning og posisjon. Du får òg sjå korleis divisjonsformer kan brukast i logodesign og produktdesign. Med kommentarspor. Video: Klipp og Lim AS / CC BY-SA 4.0

Del 1: Eksperimenter med forskyving

Divisjonsform vil seie å dele ei form opp i mindre delar. Du skal ikkje fjerne nokre av delane, men prøve ut korleis kvar enkelt del kan flyttast, bli rotert, spegelvend og så vidare. Formene som oppstår i mellomrommet, er like viktige som den positive forma.

Utstyr

Papir, kartong, saks og lim.

  1. Vel ei av grunnformene: sirkel, kvadrat eller likesida trekant.

  2. Del opp forma ved hjelp av rette eller organiske linjer. Pass på at du ikkje mistar karaktertrekket til grunnforma i prosessen.

  3. Prøv ut verkemidla avstand, retning og posisjon. Hugs å ta bilete av utprøvingane dine undervegs.

Avstand

Dei negative flatene som blir skapte i mellomromma, er like viktige som kvar enkelt del. Prøv ut korleis ulik avstand kan skape nye uttrykk.

Retning

La delane henge saman i eit eller fleire rotasjonspunkt. Eksperimenter med å forskyve delane i ulike retningar.

Posisjon

Eksperimenter med korleis du plasserer delane i forhold til kvarandre.

Del 2: Additiv og subtraktiv form

Additiv form vil seie å legge til andre delar til forma, og subtraktiv form betyr at noko blir trekt frå forma. På denne måten oppstår nye former.

Video: Klipp og Lim AS / CC BY-SA 4.0

Utstyr

Papir, kartong, saks og lim.

  1. Vel ei av grunnformene: sirkel, kvadrat eller likesida trekant.

  2. Bruk saks og klipp bort deler av forma. Jobb med geometriske eller organiske linjer og former. Pass på at du ikkje mistar karaktertrekket til grunnforma i prosessen.

  3. Vel ei av grunnformene: sirkel, kvadrat eller likesida trekant. Bruk eit papir og klipp fleire mindre grunnformer som du legg til den valde grunnforma. Lim bitane saman på eit ark.

  4. Prøv ut verkemidla rytme, storleikskontrast og gruppering.

  5. Lag minst fem formar som er subtraherte, og fem adderte former. Monter alle skissene dine saman, og bruk dei som inspirasjon i vidare arbeid.

Del 3: Digitale skisser og handteikna skisser

  1. Vel ei eller fleire av formene du no har eksperimentert deg fram til, og utvikle formene vidare.

  2. Du kan teikne skisser for hand eller lage digitale skisser. Viss du vil, kan du ta utgangspunkt i malen som ligg nedst i oppgåva.

Del 4: Lag modell

Vel ei eller fleire av skissene dine, og klipp ut forma fleire gonger. Dersom utgangspunktet er sirkel, deler du forma i to halvdelar. Bruk teip, og lim saman delane ved å rotere dei rundt senter slik det blir ei kule. Det same kan du gjere om du jobbar med kvadrat, slik at det blir ein kube. Dersom du jobbar med trekant, kan du setje dei saman ved å rotere dei rundt senter. No har du laga ein modell av lampa slik forma vil bli tredimensjonalt.

Del 5: Prototype

Lag to sirklar i papp, og vel former frå den modellen du vil jobbe vidare med. Klipp fleire like former, og monter i små hakk på sirkelen. Du kan òg velje ei av utprøvingane dine som du vil gå vidare med, og overfør formene til eit digitalt teikneprogram. Utvikle forma til ein samanhengande kontur. Lag hakk i dei to sirklane for montering øvst og nedst. Skjer ut prototypen med laserskjerar. Vurder den ferdige prototypen din, og gjer eventuelle forbetringar.

Del 6: Lag designet ditt

Teikn den forbetra forma i eit digitalt teikneprogram. Ta utgangspunkt i grunnformer, og bruk verktøy som rotasjon og samanslåingsverktøy for å setje saman former eller trekke frå former. Bruk det digitale teikneprogrammet ditt for å eksperimentere vidare med idéen din. Avslutningsvis vel du design og klargjer denne fila for laserskjerar.

Del 7: Produser lampa

Bruk laserskjerar når du produserer dei ulike delane til lampa. Hugs at forma må ha ein samanhengande kontur. Hakk for montering må ha nøyaktig same tjukkleik som materiale du skjer i. Til dømes 4 mm kryssfiner i furu.

Monter lampa, og vel om du vil overflatebehandle med beis, måle eller berre finpusse materialet ditt.

Del 8: Presentasjon

Presenter arbeidsprosessen din og det ferdige produktet.

  1. Beskriv korleis du har brukt avstand, retning og posisjon i utprøvingane dine og korleis dette vart utgangspunkt for forma til lampa.

  2. Beskriv korleis du har brukt addert form eller subtrahert form for å skape nye formuttrykk.

  3. Bli samd med læraren om du skal ha presentasjonen munnleg eller presentere oppgåva digitalt.

Relatert innhald

Fagstoff
Formspråk og fagomgrep

Vi snakkar om formspråk eller formuttrykk når vi beskriv korleis former ser ut. Her skal vi sjå på fagomgrep innan to- og tredimensjonal form.

Skrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2023