Lag olympisk genserdesign til Milano Cortina 2026 - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Lag olympisk genserdesign til Milano Cortina 2026

Noreg har hatt eigne strikkegenserar til OL og VM sidan 1956. I 2026 skal vinter-OL bli arrangert i Nord-Italia. Lag forslag til korleis designet på OL-genseren i 2026 skal sjå ut. Kva element frå norsk strikketradisjon vil du bruke? Skal dekoren få inspirasjon frå italiensk kultur?

Designprosess

  1. Finn bilete av tidlegare OL-genserar og lag eit moodboard. Skriv gjerne ned stikkord om element som du meiner går igjen.
  2. Lag minimum tre ulike skisser til nytt design på OL-genseren 2026 der du vektlegg element og fargar som du vil bruke.
  3. Teikn designet du bestemmer deg for å bruke, for hand eller på data. Bruk fargar, og ver nøye med presentasjonen.
  4. Presenter forslaget ditt for klassen. Sei noko om kva som inspirerte deg, og kvifor du har tatt dei ulike vala undervegs.
  5. Heng opp dei ulike forslaga i klasserommet og sjå på dei saman. Er det element og fargar som går igjen? Er det noko som skil seg ut?

Relatert innhald

Fagstoff
Olympisk genserdesign

I 1956 pynta dei norske OL-deltakarane seg for første gong i spesialdesigna strikk. Sidan den gongen har OL-genseren vore eit fast innslag.

Skrive av Iselin Myklebust og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 11.07.2022