Lag ein informasjonsplakat! - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Lag ein informasjonsplakat!

Mange butikkar har i dag overteke nokre av oppgåvene til Posten. Praksisbedrifta di har "Post i butikk", og du bruker mykje tid på å informere kundar om kva som kan og ikkje kan sendast i posten. Du ser deg nøydd til å lage ein plakat som informerer om dette – på ein måte folk forstår.

Oppgåve i par

Viktige ting å tenke på
  • kven som er mottakar av bodskapen dykkar
  • kva de vil oppnå med plakaten
  • blikkfang
  • fargebruk
  • skrifttype og storleikar
  • komposisjon – biletbruk, plassering av bilete og tekst
  • bruk av teikningar eller fotografi

Framgangsmåte

  • Finn nødvendig informasjon om farleg og forbode innhald i brev og pakkar på Posten sine nettsider.
  • Sil ut det som er mest aktuelt for kundane dykkar.
  • Bruk tid på å finne bilete som er relevante, og som framhevar bodskapen dykkar. Sjå gjerne på andre informasjonsplakatar for å få inspirasjon og idéar.
  • Bruk tid på å kladde og lage skisser. Då blir det enklare å sjå kvar de kan plassere bilete og tekst, og å sjekke om idéane dykkar fungerer.
  • Lag plakaten digitalt. Bruk eit passande program som du har tilgang til.

Skrive av Cathrine Meyer Johansen og Tove Knutsen.
Sist fagleg oppdatert 15.04.2020