Kontrast i form og motiv - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kontrast i form og motiv

I tillegg til kontrastar i storleik og farge er det viktig å kjenne til kontrastar i form og motiv. Slike kontrastar kan du også bruke til å framheve det du ønsker skal få merksemd i designet ditt.

Formkontrast

Eit sirkelrundt bilete vil skilje seg ut frå kvadratiske bilete. Forma skil seg frå dei andre bileta og er ein formkontrast. Ein skrifttype i "antikva" vil òg skilje seg frå ein "grotesk" skrifttype.

Motivkontrast

Motivkontrastar handlar om innhaldet i teksten, symbolet eller biletet i designet. Ved å bruke motivkontrast tydeleggjer du skilnader som er viktige å få fram, til dømes ung/gammal, varm/kald, glad/trist, natt/dag osb.

Skrive av Kari Roksvaag Rønning.
Sist fagleg oppdatert 19.04.2018