Idéfasen - ressurssamling - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Idéfasen - ressurssamling

I denne fasen er det lurt å samarbeide med andre og bruke ulike kreative metodar. Denne fasen kallast òg JA-fasen. Her er ingen idéar dumme. La fantasien løpe fritt, alt er lov!

Tankekart, moodboard og idékart er gode verktøy for å kome på mange ulike idéar. Samarbeid, assosiasjon, leik, kreativ dialog, humor, eksperimentering, idémyldring og idédugnad er kreative metodar som får fantasien til å løpe løpsk. Under kan du finne fagstoff og oppgåver knytte til idéfasen.

Relatert innhald

Fagstoff
Moodboard

Moodboard visualiserer idéar. Saman med tankekart og notat kan dei gjere idéen din tydelegare.

Skrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 14.02.2020