Kva er ein god kollega? - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Kva er ein god kollega?

Korleis oppfører ein god kollega seg? Tenk etter korleis du trur kollegaer oppfattar deg.

Oppgåve

  1. Kva er det dei beste på avdelinga di eller i verksemda di gjer for å få til eit godt kollegialt samspel?
  2. Korleis møter dei kvarandre, og kva seier dei?
  3. Beskriv for ein medelev korleis personane du samarbeider med, er annleis enn deg når de er saman. Kva kan det vere lurt å gjere i møte med dei som skil seg mest frå deg?
  4. Kva er det viktig å forstå for å vere kompetent på relasjonar til kollegaer?
  5. Kva gjer dei kollegaene som du synest det er lettast å samarbeide med?
  6. Korleis verkar dei kollegaene som du synest det er meir krevjande å jobbe med?
  7. Kva er kroppsspråk?
  8. Kvifor er det viktig å vere klar over eige kroppsspråk for å bli ein god medarbeidar?
  9. Om du skulle velje ein ting du vil jobbe for å forbetre hos deg sjølv, kva skulle det vere? Grunngi kvifor du opplever dette som spesielt viktig for at du skal lykkast som medarbeidar.
Skrive av Kristin Aase og Bente Elisabeth Vetland.
Sist fagleg oppdatert 12.12.2019