Heilskap, harmoni og dynamikk - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Heilskap, harmoni og dynamikk

Komposisjon handlar om å setje saman delar til ein estetisk eller harmonisk heilskap.

Heilskap

Einskap inneber at vi opplever komposisjonen som ein heilskap. Vi kan til dømes oppnå heilskap ved å gjenta ei form eller ein farge regelmessig eller uregelmessig, nesten som i musikk.

Gode designprodukt har eit heilskapleg formuttrykk. Du formidlar noko i produkta eller arbeida dine. Nokre gonger ønskjer kunden eit leikent uttrykk i borddekorasjonar til ei feiring. Andre gonger ønskjer kunden eit meir klassisk og stilreint produkt til eit bryllaup.

Dersom du vil lage noko som uttrykkjer glede, bruker du gjerne sterke og lyse fargar. Tilfører du fargar som skil seg ut ved at dei er dystre og triste, blir denne heilskapen broten ned.

Harmoni og dynamikk

Harmoni og dynamikk er motsette prinsipp. Dynamikk handlar om bevegelse og kraft. Harmoni står for ro, balanse og samklang.

Skrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2020