Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Formkontrast

Ordet kontrast betyr "motsetning" eller "forskjell". Ved å setje ulike former opp mot kvarandre kan vi skape formkontrastar. Korleis kan du bruke dette til å skape spenning og gjere arbeidet ditt interessant?

Film: Formkontrastar

I filmen under (lengde 1:26) får du ein introduksjon til kva formkontrastar er, og til korleis du kan bruke dei i dine eigne komposisjonar.

Video: Jonas Hagemo / CC BY-ND 4.0

Formkontrast i komposisjonar

Av og til ønsker du å framheve noko i ein komposisjon slik at det tiltrekker seg ekstra merksemd. Då kan du bruke formkontrast for tydeleg å skilje dette elementet frå andre element. Du kan til dømes gjere det mykje større enn det som elles er i komposisjonen.

Andre gonger ønsker du å skape variasjon med ein liten kontrast. Ulike former i same storleik er døme på det.

Komposisjonar utan kontrastar blir fort kjedelege. Element som kan danne kontrastar i og mellom former, er til dømes:

  • rund mot kanta
  • liten mot stor
  • open mot lukka
  • klar mot uklar

  • kompleks mot enkel

  • mot geometrisk

I animasjonsfilmen under (lengde 1:58) ser vi først på kva som kjenneteiknar geometriske og organiske former. Deretter viser vi formkontrasten som oppstår når vi set geometriske og organiske former mot kvarandre.

Video: Klipp og Lim AS / CC BY-SA 4.0

Øvingar

  1. Studer gjenstandane du har rundt deg. Finn du nokon døme på formkontrastar?

  2. Klipp til både geometriske og organiske papirbitar i ulike storleikar og former. Legg dei saman i ein komposisjon på eit A4-ark. Ta bilete av komposisjonen. Forklar kva formkontrastar du har brukt, til ein medelev.

Skrive av Inger Gilje Sporaland og Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 12.05.2026