Formforståing - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Formforståing

Form påverkar oss. Evna di til å sjå og vurdere form er avgjerande for kvaliteten på arbeidet ditt. Grunnleggjande kunnskapar om form er viktig same kva for eit handverksyrke du ønskjer å gå vidare med etter Vg1.

God formforståing er viktig i alle handverksyrke. Evna di til å sjå og vurdere form påverkar kvaliteten på arbeidet ditt. Når vi arbeider med form, har vi ein del grunnreglar og verkemiddel vi kan bruke. Di meir kunnskap vi har, di betre blir som regel resultatet.

Form i utvikling

Leirearbeid på Skedsmo vidaregåande skule. Video: NRK / CC BY-SA 4.0

Form påverkar oss. Mens farge blir opplevd med auga, vil vi gjerne både sjå og ta ei form. Vi opplever og undersøkjer ein gjenstand både med auga og hendene.

Det er tydeleg at enkelte former har større appell til oss enn andre, sjølv med temmeleg små ulikskapar – sjå til dømes på designet til ei berbar datamaskin. Den teknologiske utviklinga gjer at vi kan produsere former som ikkje var mogleg før. Likevel ønskjer vi tilhøyrsle. Det å byggje vidare på lokale tradisjonar kan styrke identitet. Vi må sjå formuttrykk i ein samanheng og utforske spennet mellom tradisjon og nyskaping.

Verkemiddel

Du bør kjenne verkemidla og vite korleis du kan treffe ei målgruppe med formgivinga di. Både form og farge blir påverka av motar og trendar.

I det moderne produksjons- og forbrukarsamfunnet er ofte marknadsføringa like viktig som produktet. Men det finst design som er like populært i dag som då produktet kom på marknaden. Eksempel på tidlaust design er lampene til Poul Henningsen, møblane til Arne Jacobsens og tradisjonelle engelske tekanner.

Skrive av Inger Gilje Sporaland. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 15.05.2020