Oppgåve
Finn geometriske og organiske former
Gå på jakt etter arkitektur eller interiør som viser geometriske og organiske former. Bruk arkitektur frå nærområdet ditt.

Ein kan sjå tydelege kontrastar mellom organiske former i Middelalderparken og stram arkitektur i Barcode-rekkja i Oslo.
Øving
Tema: arkitektur i nærområdet ditt.
Fotografer arkitektur eller interiør som viser geometriske former og linjer.
Fotografer arkitektur eller interiør som viser organiske former og linjer.
Finn døme der dei geometriske formene står i kontrast til dei organiske linjene.
Relatert innhald
Formspråk og fagomgrep
Vi snakkar om formspråk eller formuttrykk når vi beskriv korleis former ser ut. Her skal vi sjå på fagomgrep innan to- og tredimensjonal form.

