Bruk personaer i arbeidet med produktutvikling - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Bruk personaer i arbeidet med produktutvikling

Når du skal beskrive eigenskapar ved ei målgruppe, er det eit triks å liste opp kva eigenskapar ein person som tilhøyrer denne målgruppa, har. Denne informasjonen kan du bruke til idémyldring og til å utvikle eit produkt.

Her er nokre døme på korleis du kan dikte opp personar, også kalla personaer, som står som representantar for heile målgrupper. Førestill deg korleis desse personane vil reagere på det produktet du planlegg å lage.

Vel deg to personaer og tenk over:

  • Kva for ein stil ser du for deg at personaene føretrekkjer når dei skal velje klede, frisyre og interiør?

  • Kva type produkt vil dei vere interesserte i?

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 06.04.2022