Bruk grunnformer og linjer for å lage komposisjonar - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Øvelse

Bruk grunnformer og linjer for å lage komposisjonar

Lag små komposisjonar med kvitt papir på svart kartong. Finn inspirasjon i arkitektur rundt deg. Bruk berre grunnformer og linjer i komposisjonane.

Øving

Tema: arkitektur

  1. Vel eit fotografi du har teke av arkitektur eller interiør. Vel gjerne eit utsnitt der du kjem litt tett på motivet.

  2. Forenkle motivet. Dette kan du gjere digitalt, teikne på lysbord eller klippe direkte i ei utskrift av fotografiet.

  3. Lag ein komposisjon med utgangspunkt i motivet. Bruk berre grunnformer og linjer. Komposisjonen må vise minst ein kontrast.

  4. Komposisjonen skal lagast med kvitt papir på svart kartong.

  5. Format: 10 cm x 10 cm

  6. Heng opp komposisjonane til alle i klassen tett i tett.

Relatert innhald

Fagstoff
Formelement

Når du skal gi noko ei form, må du ha kunnskap om kva som kjenneteiknar ei god form. Då bør du kjenne til dei grunnleggjande formelementa.

Skrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2022