Å måle med saks - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Å måle med saks

Kollasj er eit bilete som er sett saman av mindre utklipp og materialbitar. Finn fram saks og kulørt papir. Ha ei leiken tilnærming og eksperimenter med ulike komposisjonsprinsipp. Når du har funne eit uttrykk du liker, limer du delane saman. Lag gjerne ei utstilling saman med klassen din.

Utstyr

  • teikneark og papp

  • farga papir, gjerne frå vekeblad og magasin

  • saks og lim

Del 1: Inspirasjon

Kollasj eller collage er ei uttrykksform som går ut på å setje saman bitar. Filmsnutten under viser leik med fargar og former. La deg inspirere av korleis Matisse jobba med utklipp i farga papir.

Matisse var nyskapande og blei ein av dei mest innflytelsesrike kunstnarane på 1900-talet. Sjå korleis han begynte å uttrykke seg gjennom kollasjar då sjukdom gjorde at han ikkje lenger klarte å bruke målarpenselen, i den to minutt lange filmen Henri Matisse + The Cut Outs på Vimeo.

Del 2: Utforsking

  1. Vel eitt eller fleire komposisjonsprinsipp du vil utforske nærare. Det kan til dømes vere:

    • symmetrisk balanse

    • asymmetrisk balanse

    • kontrast

    • rytme

  2. Klipp ulike former i ulike fargar og sett dei saman slik at du får prøvd ut effekten av komposisjonsprinsippet du har valt.

  3. Ta bilete av utprøvingane dine.


Del 3: Gjennomføring

  1. Vel ei utprøving du vil jobbe vidare med.

  2. Hald fram med å eksperimentere med korleis uttrykket endrar seg når du flyttar på og legg til nye bitar.

  3. Når du har funne eit uttrykk du er fornøgd med, monterer du delane til eit bilete. Sett på passepartout, finn ein passande tittel og signer biletet ditt.

  4. La klassen lage ei utstilling av dei ferdige bileta.

Del 4: Vurdering

Skriv ein kort presentasjon av kva komposisjonsprinsipp du har valt. Korleis har du brukt dette i utprøvingane og i den ferdige kollasjen din? Vurder det estetiske uttrykket i biletet ditt.

Relatert innhald

Fagstoff
Komposisjonsprinsipp

Du bruker komposisjonsprinsipp for å skape heilskap og det uttrykket kunden ønskjer.

Fagstoff
Biletgalleri 360

Velkomen til gallerivandring! Lær om visuell kommunikasjon og biletkomposisjon gjennom oppleving. Lytt til skildringane mens du studerer bileta.


Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2024